Overleverte første hybrid-skip

Mandag kunne Salthammer båtbyggeri overlevere eit topp moderne nybygg til Abyss Midt AS. Det nesten 25 meter lange skipet skal gå rett til Island for å gå i jobb der.
Servicefartøyet har fått namnet «Fosnafjord» og er 24,8 meter langt og 13 eter breitt. Det er innreidd for eit mannskap på sju, har ein 60 tonns dekksvinsj, fem tonns capstan og eit arbeidsdekk på 170 kvadratmeter som er godt utstyrt med kranar og tauepinnar.
Fartøyet er de første hybrid-skipet som er bygd ved Salthammer båtbyggeri. Det har ein stor batteripakke frå ABB.
– Det har vore eit tett samarbeid mellom ABB som leverandør av batterisysteemet og verft med reiarlag for å levere den beste løysinga i møte med nye krav og foventningar til den grøne omstillinga i oppdrettsnæringa, skriv Salthammer båtbyggeri i ei pressemelding.
Dagleg leiar ved Salthamer båtbyggeri, Lasse Stokkeland, seier dei håpar dei har levd opp til forventingane og ønsker båt og mannskap lykke til.
– Det har vore ei glede å bygge, og no overlevere denne kraftpakken av ein arbeidsbåt til Abyss, seier han.
Administrerande direktør i Abyss, Victor Jensen, seier han er veldig godt fornøyd med båten.
– I 2022 har Abyss fått ni nye båtar, deriblant fire nybygg. Dette er den flottaste, seier Jensen.
Båten er designa av Tomra Engineering AS og er utstyrt med to Scania-motorar, samt to elektriske motorar for framdrift.