Historie, konfeksjon og berekraft gav pris

Kaape AS fekk førre veke prisen «Årets industrielle oppstart» frå IDC Norway. Historie, berekraft og konfeksjon står sterkt i selskapet. No satsar dei på norsk produksjon.
Det heile starta for mange år sidan. Mest som ein hobby. Lilla Rødal hadde ein finger med i spelet då Tomrefjord Bowling skulle byggast. I kulissane rundt dukka det opp ikon frå ei svunnen tid då Tomrefjord hadde tung konfeksjonsindustri. Det skapte ein tanke og ein idè om å kunne bygge vidare på historien.
I 2016, etter mange år med hobby og moro, vart Kaape AS stifta. Saman med Kornelia og Josefine Rødal Tomren vart hobbyen brått meir komersiell. No er det klesproduksjon og gjenbruk som er retningslina i selskapet.
– Det er veldig kjekt at me får anerkjenning med pris frå IDC Norway. Det viser at me gjer noko rett, seier Josefine Rødal Tomren.
Mykje historie
Det ligg mykje historie bak kåpene og mange av dei andre plagga Kaape produserer. Dei fleste har utgangspunkt med inspirasjon frå kåper som vart produsert mellom anna på Tomren Fabrikker då det var full produksjon der.
– Me er veldig glad i gjenbruk, og bruker gjerne restestoff frå møbelprodusentar og andre i vår produksjon, seier Kornelia Rødal Tomren.
Josefine viser fram ein rull med stoff dei har fått frå Tresfjord museum. Definisjonen på gjenbruk med andre ord.
Dersom ein ser originalkåpene saman med produksjonen til Kaape er det tydeleg kor dei har inspirasjonen frå. Men dei er likevel vidt forskjellige.
– Motivasjonen vår er berekraft og gjenbruk. Me ønskjer å gjere folk bevisst på miljø, berekraft og pris. Det er ikkje alltid bilelgast er best. Og ofte er kvaliteten lik prisen, seier Kornelia.

I dag er det lite produksjon av klede i Norge, og Kaape har produsert kåpene i ei lita familiebedrift som dei kjenner i Romania. Det har vore problematisk under pandemien med produksjon av nye kåper fordi dei ikkje har kunna reist ned, og logistikken vart for komplisert. Dei satsar no på å få produsert delar av kolleksjonen i Norge.
– Kåpene i reststoff frå både konfeksjonstida og møbelindustrien på Sunnmøre vert sydd her etter førespurnad. Då får dei ei «one of av kind» kåpe som har så og seie inten klimaavtrykk, seier Josefine.
Lokalt sydd
No satsar dei på lokal produksjon. Gjerne av folk i bygda eller nabobygder. Sidan dei bruker mykje restestoff er det også stor variasjon i kåpene.
– Me produserer ikkje store parti. Ofte er det ikkje fleire enn ein til tre kåper som ser like ut. Det meiner me gir produkta våre særpreg, seier Lilla Rødal.
– Me vil ikkje berre lage eit klesmerke for å lage eit klesmerke. Me vil at det skal vere med og endre folk. Ironisk nok er vår største konkurrent det folk har på mørkeloftet, seier Josefine.
Kornelia skyt inn at dei vil at folk skal bremse forbruket og heller kjøpe varer som held seg lenger enn å skifte ut ting heile tida.
Utfordrande
Å drive i konfeksjonsbransjen er ikkje berre enkelt. Dagleg dukkar det opp nye problemstillingar og utfordringar som må løysast. Ei av utfordringane er å løfte opp yrket som syerske/syer. Det var i si tid eit yrke med mykje prestisje. I dag er det langt mellom dei som er flinke nok med symaskinen til å produsere klede på profesjonelt nivå.
– Difor er det viktig for oss at dei som syr skal få godt nok betalt for jobben dei gjer. Det er eit tidkrevjande arbeid, seier Kornelia.
Ei av dei som har hjelpt til er Anita Eik Frostad. Ho har designa strikkahalsar, eit produkt som har blitt populært.
Dei vert levert både ferdige, og som «byggesett» der ein kan strikke dei sjølv.
Norsk ull er ei råvare som vert lite brukt. Den er for grov i følgje ekspertane. Over tre firedeler av norsk ull vert kasta. Det er ikkje lønsamt for bøndene å selje den. Det vil Kaape gjere noko med. Dei brukar mykje norsk ull i sine produkt.

– Me kunne ikkje la ei slik råvare gå til spele. Me har sjølv sauer på fôr heime. Den norske ulla er ei fantastisk råvare. Slitesterk, vassavisande og den held godt på formen. Difor bruker me mykje ull frå mellom anna Tingvoll. Me ønskjer å ha så «norske» produkt som mogleg, seier Kornelia.
Kva framtida vil bringe for den prisvinnande bedrifta frå Tomrefjord er det berre kreativiteten til trioen som avgjer.