Kallar tilbake julesylte etter listeriafunn

Edelgard kallar tilbake julesylte etter at det vart funne listeriabakteriar ved prøvetaking.
– Forbrukarar som har kjøpt produktet med angitt forbruksdato og LOT-nummer skal kaste produktet eller levere det tilbake til sin nærmaste bunnprisbutikk og få pengane tilbake, skriv Edelgard i ei pressemelding på Matportalen.no.
Det er snakk om håndlaga julesylte med forkruksdato 15. januar 2023 og LOT-nr 22434 og ribberull med LOT-nr 22481 og siste forbruksdato 7. januar 2023.
Dagleg leiar Jon Daniel Nesje i Edelgard seier at bakterien vart oppdaga gjennom vanleg rutinekontroll. Han seier at dei ikkje har fått beskjed om at nokon har blitt sjuke av å ete dei aktuelle prdukta.
– Me, som alle andre i denne bransjen, har eit strengt testregime underlagt Mattilsynet. Det er svinekjøtt som er spesielt utsett for denne bakterien. Me slaktar ikkje sjølv, og får dermet kjøttet levert hit. Dessverre har bakterien blitt med ut i eteklare produkt. Det skal ikkje skje, og me beklagar det sterkt, seier Nesje.
Han kommenterer vidare at det var berre nokre prøvar som påviste listeria. Andre prøvar som vart sendt inn samstundes var fine.
No vil Edelgard sjå nærare på rutinane og mellom anna forsterke reinhaldet.
Edelgard opplyser at det er 75 av i alet 250 Bunnpris-butikkar som har selt produkta. Det skal ikkje vere snakk om store mengder.
– Det dreiar seg ikkje om veldig store mengder sidan dette er reine sesongprodukt, seier Nesje.