Så mykje har arbeidsledigheita i Vestnes gått ned

Samanlikna med desember i 2021 har arbeidsledigheita gått ned kraftig i Vestnes i 2022. I følgje Nav Møre og Romsdal er Vestnes ein av to kommunar i fylket med størst nedgang. Vi kan no skilte med 40 prosent færre arbeidsledige i desember 2022, samanlikna med året før.
I årets siste månad i 2022 var det 51 menneske heilt utan arbeid i Vestnes. Sjølv om dette var meir enn i november då 46 menneske sto utan arbeid, kan det likevel sjåast på som positivt at vi har hatt ein nedgang på heile 40 prosent siste året. I desember 2021 var det nemleg 85 menneske utan arbeid i Vestnes.
Størst reduksjon i Romsdal
Dagens arbeidsledige i Vestnes utgjer 1,5 prosent av arbeidsstyrken. Dette er den same prosenten som fylkessnittet.
NAV-direktør i Møre og Romsdal, Stein Veland, fortel at det har vore eit positivt år
– Nedgangen i arbeidsledigheita med heilt ledige har vore størst i Romsdal. Der har reduksjonen i arbeidsledigheita det siste året vore på 35 prosent. Reduksjonen på Nordmøre har vore 13 prosent, medan reduksjonen på Sunnmøre har vore 20 prosent. Blant kommunane er det Vestnes og Ulstein som har hatt størst reduksjon i arbeidsledigheita, seier Veland i ei pressemelding.