Vestnesavisa
8 minutter lesetid

Nyttårsguten Storm sitt første år

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Hugsar du nyttårsbarnet Storm frå Tomrefjord som kom til verda femten minutt over tolv i fjor? No har han blitt eitt år, og byrjar onsdag på eit nytt kapitel i livet sitt med barnehagestart. Slik har det gått med han det fyrste året.  

Det var ikkje dårleg vêr eller all merksemda han fekk som nyfødd, som avgjorde at han skulle heite Storm. Det var berre eit namn som begge foreldra likte.  Onsdag denne veka startar nyttårsguten i barnehagen. Han skal byrje på Blåklokka i Tomrefjord barnehage, og far hans Simon Bjørkevoll er snart ferdig med farspermisjonen sin. Det å bli foreldre, har til no gått over all forventning fortel han og mor Rebekka Valen.

Saka held fram etter annonsen
Storm er ein enkel gut å ha med å gjere.

– Det tre første månadane var hardast. Då hadde han ikkje noko døgnrytme og det vart lite søvn, seier Simon.

– Han var også mykje plaga med magen og luftsmerter, legg Rebekka til.

Men etter tre månadar roa det seg. Sidan har dette første året eigentleg berre vore ei stor lukke, med mange opplevingar og utvikling.

Mor Rebekka jobbar turnus som vernepleiar ved bu- og habiliteringstenesta i barnebustadar i Kristiansund. Ho er vekke to til tre døgn, og så heime i fem til ni døgn.

– Å reise frå Storm fyrste gangen var tøft, men no er det ikkje noko problem. Han har til no ikkje reagert noko særleg på at ein av oss blir borte ein periode. Han taklar det fint, seier ho.  

– Han er blid heile tida, nesten heilt utan unntak. Vi har vore heldige, fortel Simon.

I ballbingen er det moro å vere, men Storm er blid uansett kor han er.

Jul og bursdag        

Vi treff den vesle familien heime på Selneset i Tomrefjord der paret kjøpte seg eit hus for seks-sju år sidan. På stova sit den kvithåra guten Storm og sug på ein koseklut. Han møter oss med eit stort smil. Det har blitt mykje leiker i stova etter at både julaftan og bursdagen er vel gjennomført.

– Han fekk mykje gåver, spesielt brannbilar. Det synest eg er kjekt, for då kan eg også leike meg med dei, smiler far hans som har deltidsjobb som brannmann i Tomrefjord.

Han fortel at Storm fekk eit stort stykke med blautkake på bursdagen sin. På gjestelista sto venner, familie og fire sett med besteforeldre; mormor og morfar, besten og besta, farmor og farfar og bestemor.

Storm har det første leveåret sitt vore stort sett frisk, sett bort i frå et par dagar med feber og Corona.

– Men det snur vel no som han byrjar i barnehage, smiler mor.

Leiker blei det mykje av på Storm, då han nyleg feira både si første jul og sin første bursdag.

Dei første orda

Eittåringen har byrja å kome med nokre ord. Far fortel at han seier «sjå» mykje og peikar på ting. Han kan å seie «ys» som betyr lys, og dei har også høyrt han har sagt mamma og pappa, men mora trur ikkje det er nokre ord han er bevisst  over endå. Storm kryp raskt over golvet og reiser seg opp med leikekassene. Han dreg opp ein duploklosse og hiv den på golvet.

På spørsmål om han har byrja å gå, svarer far at han ikkje har turt å sleppe seg heilt endå. I denne stova er det mange store potteplantar, juletre, og pynt og bøker på bord og hyller, men dette går heilt fint med Storm i hus.  

Saka held fram etter annonsen

Foreldra har vore prinsippfast på at slikt må kunne stå framme.

– Det blir berre meir spanande om vi tek det vekk, seier Simon.  

Eldst og først

Simon minst fødselen til Storm i fjor då rakettane small rundt dei på sjukehuset i Molde.

– Eg hugsar ikkje så mykje av dette, smiler Rebekka.

Bilete tatt då Storm var nyfødd på Molde sjukehus 1. januar 2022. (Privat)

Dei tenkte ikkje så mykje over det der og då, men i ettertid synst dei det er artig at Storm vart eit nyttårsbarn.

– Han vil bli den eldste i klassen, og kanskje den første til å få både mopedlappen og sertifikatet. Det må vere fint å sleppe å vente heile året på dette, seier foreldra.

Dei synest det er rart å tenkje på at minutta skal avgjere om han blir yngst eller eldst i klassen, men dei er glade for at han kom etter klokka tolv den natta.

– Han vil jo alltid få rakettar på bursdagen sin, seier pappaen.

Han fortel vidare at dei kjøpte eit batteri som skule vere lydlaust til bursdagen hans i år, men det viste seg å ikkje vere heilt lydlaust likevel då dei tente på det i sjutida på kvelden.  

– Det vart spanande for han, men etter at han la seg den kvelden sov han seg gjennom resten av fyrverkeria og feiringa, fortel Simon.

Storm på rommet sitt heime på Selneset i Tomrefjord.

Det har blitt mange opplevingar for familien det første året. Dei har hatt med seg Storm på fleire fjellturar og skiturar. Han har gått på babysong med Full Rulle på biblioteket, og er veldig glad i musikk.

– Der sjarmerer han songlæraren og dei andre. Det er så kjekt at han har musikksmak og rytme, og også mykje humor. Det har vore mange opplevingar for han det første året, og fleire skal det bli, smiler Simon og Rebekka.