Ove blir ny driftssjef hos Løviknes Caravanimport

Ove Lungård er tilsett som ny driftssjef hos Løviknes Caravanimport. Han har vore tilsett ved Vestnes bil- og bobilverksted sidan 2016 både som mekaniker og dele- og garantiansvarleg for bubilkundar.
– Som ein del av planen for 2023 og for å styrke totalen av Løviknesgruppen blir Ove Lungård sett inn so driftssjef i Løviknes Caravan, skriv selskapet i ei pressemelding.
Dei viser til at han med god erfaring frå kundemottak, delar og garanti samt eit fagbrev som mekaniker kombinert med lang erfaring i Løviknesgruppen har ein brei kompetanse til å serve bubilkundar på ein god måte.
– Ove er ein mann som mange av våre kundar kjenner godt, og me ønskjer å dra hans erfaringar og kompetanse nærmare inn i Løviknes Caravan då me ser og meiner dette vil vere til stor fordel for våre kundar, står det i pressemeldinga.
Lungård vil starte i stillinga som driftssjef i Løviknes Caravan 1. februar.
Gründer og eigar, Jan Henning Løviknes, vil halde fram i Løviknes Caravan, men med større fokus på strategi og administrative oppgåver retta mot kundane.