Så mykje selde Vinmonopolet på Vestnes

Det vart selt betydeleg mindre alkohol i 2022 på Vinmonopolet i Vestnes samanlikna med året før. Dette gjeld også for heile landet, og er ikkje noko overrasking,
– Nedgangen er som forventa med tanke på gjenopninga av samfunnet som inneber at taxfree, grensehandel og utelivet tar seg opp etter pandemien, seier presseansvarleg i Vinmonopolet Jens Nordahl på heimesida deira.
På vinmonopolet i Vestnes vart det selt 22 prosent mindre øl, seks prosent mindre brennevin og tretten prosent mindre vin i 2022.
Vin på toppen
Tala frå Vestnes viser også at raudvin er dobbelt så populært som kvitvin. Vel 39.000 liter med raudvin gjekk ut i fjor, medan kvitvinsalet tilsvarte rundt 17.500 liter. Raudvin og kvitvin er det polet sel mest av, medan vodka hamnar på ein tredjeplass med 6.390 liter, tett etterfulgt av øl med 5.079 selte liter.
Vinmonopolet på Åndalsnes har også opplevd ein kraftig nedgang i salstala sine, men samanlikna med Vestens sel dei likevel ein god del meir alkohol enn oss. Kanskje kan det forklarast at vi har kortare veg til kringliggandes vinmonopol.
Medan Vinmonopolet på Åndalsnes selte toltal 133.328 liter alkoholhaldig drikke, gjekk det ut 90.269 liter frå Vinmonopolet i Vestens. Om vi delar dette talet på antal vaskne innbyggjarar i Vestnes, som låg på rundt 5.630 menneseske i SSB sin statistikk for oktober, så tilsvarar dette seksten liter alkoholhaldig drikke på kvart vaksne menneske i Vestnes. Men vi drikk nok langt meir enn dette om vi legg til øl og sider frå daglegvarebutikkar, og handling i nabokommunar.