Kraftmontasje skal bygge nye linjer i Rogaland

Kraftmontasje AS har inngått kontrakt med Fagne AS om å bygge 36 kilometer med kraftlinjer i Vindafjord og Tysvær. Linja skal styrke forsyningstryggleiken til Haugalandet på sikt.
– Dette er ein viktig kontrakt for Kraftmontasje AS. Me er svært tilfredse med å igjen bli valgt av Fagne AS til eit nytt og krevjande prosjekt, seier dagleg leiar i Kraftmontasje, Øystein Søraas.
Fagne AS opplyser at Haugalandet er ein region i kraftig vekst og at straumforbruket i Nord-Rogaland er venta å auka markant fram mot 2040 som følgje av ny industri og elektrifisering.
– Utskifting av linja som går mellom Ølen-Våg-Bratthammar i Vindafjord og Tysvær er vitkig å ivareta for forsyningstryggleiken på lang sikt, skriv selskapet på sine nettsider.
Arbeidet er venta å ta til i løpet av januar, og gr ut på å skifte ut dei to eksisterande 66 kilovoltlinjene på strekningen. Dei vert erstatta med ei ny 132 kilovoltlinje. Dagens linjer vart sett i drift på 1950-talet og er teknisk utdaterte.
– Den nye linja skal i all hovudsak gå langs eksisterande trasé.
Stor kontrakt
Etter planen skal prosjektet ferdigstillast i juni 2027. Prosjektleiar i Fagne AS, Robert Rogge, meiner det vert eit utfordrande prosjekt.
– I mange av områda langs strekninga er det teknisk komplisert å byggja. I tillegg skal me rive mange master som står vanskeleg til. Det er ulendt og bratt terreng, fortel Rogge.
Øystein Søraas opplyser at kontrakten er ein av dei største i Kraftmontasje sin historie.
– Kontrakten er ei stadfesting på at me treff på selskapet si målsetjing om å vere av landets fremste miljø og foretrukne entreprenør på bygging av dei større og krevande linjene på dei høgare spenningsnivåa. Me vi lvere ein viktig bidragsytar til utbygginga av det norske kraftnettet i åra som kjem, seier Søraas.