Vestnesavisa
2 minutter lesetid

Planlegg Teslastasjon  – Svært positivt for kommunen vår

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Planutvalet i Vestnes kommune har gjeve Tesla Norway grønt lys til å byggje ladestasjon på den kommunale parkeringsplassen i Stadionvegen.

– Med eit sterkt aukande tal på elbilar i landet vårt, ser kommunedirektøren på tiltaket som svært positivt for kommunen vår. Dette vil vere viktig for utviklinga vidare, då ein kan sjå for seg at tiltaket kanskje kan føre til aukande handel og turisme, seier kommunedirektør Kristian Skålhavn i saksvurderinga.

Saka held fram etter annonsen

Det er inga land i verda så har så mange elbilar per innbyggjar som Norge. I følgje Registreringsstatistikken var Tesla den mest selte bilen både i 2022 og 2021.

Ein ladestasjon for teslabilar kan gjere at fleire reisande vel å køyre inn i Vestnes sentrum, i staden for å suse vidare.

Tesla har ein eigen app der ein kan plugge bilen inn i ein ladestasjon, og få beskjed når den er ferdig lada. Med ein såkalla superladar tar det om lag femten minutt å lade opp til 275 kilometer, og i mellomtida kan bilføraren til dømes ta seg ein tur ned i Vestnes sentrum eller kjøpe seg ein bolle på Shell like ved.

Saka held fram etter annonsen

I møte 18. januar gjekk planutvalet einstemmig inn for å gi Tesla Norway dispensasjon frå byggegrenser i reguleringsplanen. Saka har vore på høyring hos Statsforvaltaren, fylkeskommunen og vegvesenet utan at det er komen inn merknadar. Utbygginga vil innehalde 20 ladestolper, ein nettstasjonsbygg og straumkabinett.