Vestnesavisa
2 minutter lesetid

Lokal mat held stand

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Sal av lokalprodusert mat hadde eit toppår i 2021. Fjoråret vart like godt for produsentane.

– Omsettinga endte på nivå med rekordåret 2021. det må me seie oss godt nøgd med, seier Geir Espe i Coop Norvest.

Saka held fram etter annonsen

Han innrømmer at dei var spente på korleis det skulle gå i 2022, men det viser seg at lokalmatprodsentar held seg godt i marknaden.

– Det viser seg at lokalmaten held posisjonen sin. Omsettinga av lokalmat i Coop Nordvest var i underkant av 180 millionar kroner i fjor, noko som er på nivå med 2021. Det synest me er veldig positivt, seier Espe.

Imponert

Espe er imponert over jobben lokalmatprodusentane gjer. Han seier dei står for mange hundre kortreiste eksplusive produkt.

– Produksjonen av lokalmat tar vare på mykje av den lokale matkulturen. Den er også ein viktig del av næringsgrunnlaget i mange bygdesamfunn og ein bærebjelke for eit levande landbruk i heile landet, seier han.

Ein av desse lokalmatprodusentane er Edelgard i Vestnesbukta. Dei leverer varer til over 90 Coop-butikkar og har i følgje Espe sin del av æra for at Extra Vestnes auka salet av lokalmat med fem prosent i fjor.

– me hadde eit godt år for lokalmaten vår i fjor, og har fått gode tilbakemeldingar. Me er ofte ute på demoar i butikkane, der me får mykje og god respons, fortel marknadssjef i Edelgard, Trond Espen Berg.

Han nemner både pølsesortimentet og fleire lammeprodukt som spesielt populære. Chillipølsene frå Edelgard fekk bronse i NM i fjor og lammebogen gjekk heilt til topps og tok gull.

– Me legg stor vekt på å bruke lokale råvarer, og det gode handverket står heilt sentralt, seier Berg.