Vestnesavisa
2 minutter lesetid

Nydokken til Aas Mek er på plass

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Brønnbåtane som skal byggast ved Aas mekaniske blir lenger og breiare, noko som krev større dimensjon på flytedokka.

Torsdag kveld ankra ein diger fraktebåt opp utanfor Hagneset, «Yacht Servant», 214 meter lang og 46 meter brei, registrert i Amsterdam.

Saka held fram etter annonsen

På føremiddag fredag blei den nye flytedokka til Aas-vervet dratt ut av fraktebåten av fem slepebåtar, buksert rundt Feøya og førebels plassert ved vervet.

Dagleg leiar Bjørn Magne Aas er fornøgd med nyinvisteringa.

– Den nye dokka er 46 meter lenger enn den største vi har no og fem meter breiare. Såleis reknar vi med å ha kapasitet til å utruste større båtar ein god del år framover, seier dagleg leiar Bjørn Magne Aas.

– Denne kapasitetsauken gjer også sitt til at vi kan yte service på større båtar som ikkje tidlegare var utrusta hos oss. Dette utvidar kundekretsen, noko som vil vere med på å forsvare investeringssummen på om lag 100 millionar kroner, presiserer Aas.

Saka held fram etter annonsen
Den 143 meter lange dokken er kom til Vestnes torsdag kveld og vart buksert på plass i løpet av fredagen. (Foto: Aas Mekaniske Verksted AS)

Aas fortel vidare at flytedokka blei opphaveleg bygd i Danmark, men var no plassert ved eit verft i Sør-Spania, nær Gibraltar. Etter å ha sjekka og kontrollert kvaliteten på dokka, var det i grunnen fort gjort å få den hit, ei lita veke, avsluttar Aas.