Vestnesavisa
2 minutter lesetid

Får bygge molo for å skjerme slepebåtar

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Aas Mekaniske Verksted får dispensasjon frå reguleringsplanen for å bygge ein liten molo som skal skjerme taubåtane ved verftet. Det avgjorde planutvalet tysdag kveld.

Det har over tid vore utfordringar å ha trygg hamn for slepebåtane ved Aas Mekaniske Verksted når vêret har vore dårleg. Nyleg sleit den eine pullerten på kaien som vert brukt i dag på grunn av påkjenningane av vinden.

Saka held fram etter annonsen

– Sist veke heldt den største slepebåten på å slite seg og drive opp i fjøra. Det hastar med å få plassert den ein anna plass for å sikre at den ligg godt i dårleg vêr, skriv dagleg leiar ved Aas Mekaniske, Bjørn Magne Aas i dispensasjonssøknaden.

Saka held fram etter annonsen

Liten molo

Moloen, som er otmalt som bølgjevern i søknaden vert om lag åtte meter brei i vasskorpa og fire meter brei øverst. Lengda er estimert til 30-40 meter.

– Høgda vil vere like fyllinga som er der i dag, så den vil ikkje bli synleg for nokon av naboane, skriv Aas.

Planutvalet vedtok samrøystes å gi dispensasjon etter at sakshandsamar i Vestnes kommune hadde innhenta fråsegn frå naboar som ikkje hadde noko innvending mot den planlagte moloen.