Vestnesavisa
3 minutter lesetid

Vestnesingar låner stadig fleire bøker

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

I snitt besøkte kvar innbyggar i Vestnes biblioteket 5,9 gongar i 2022. Utlånet av bøker auka kraftig samanlikna med 2021.

– Landssnittet for besøk på bibliotek var på 3,2 per innbyggar i fjor. I Vestnes var det nesten seks besøk. Det synet eg er veldig kjekt, seier biblioteksjef Vigdis Ødegård til Vestnesavisa.

Saka held fram etter annonsen

I 2022 vart det lånt ut tett på 30.000 bøker. Det er ei auke på 17 prosent samanlikna med 2021. Ødegård trur profilering av biblioteket spelar ei viktig rolle. I snitt lånte kvar innbyggar i Vestnes 4,25 bøker i fjor.

– Biblioteket er ikkje berre for bøker. Det har vore mange arrangement med mange besøkande. Det fører nok til at folk får augo opp for biblioteket meir enn før, seier ho.

Lesesalen er også flittig brukt i følgje biblioteksjefen. Både av studentar som gjer skulearbeid, og vaksne som brukar det som kontorplass innimellom.

– Det er bra besøk på lesesalen og bruken er variert. Me ser at fleire og fleire brukar den som eit slags heimekontor, seier Ødegård.

Det har også vore ei auke i bruken av biblioteket utanom ordinær opningstid. Det synest Ødegård er kjekt.

– Det er veldig kjekt at dei som ikkje har anledning til å komme hit i opningstida faktisk nyttar seg av tilbodet om å bruke biblioteket utanom opningstid. Eg har fått fleire tilbakemeldingar frå barnefamiliar som fortel at dei ofte nyttar biblioteket på laurdagar saman med barna, seier ho.

Saka held fram etter annonsen

Ho fortel også at ho rett som det er opplever folk frå andre kommunar i regionen som kjem på besøk berre for å sjå på biblioteket.

– Det er veldig stas at det har ryktast at me har eit så flott bibliotek i Vestnes, og at folk kjem hit eins ærend for å sjå biblioteket, seier Ødegård.