Vestnesavisa
1 minutt lesetid

Vestnesavisa trekte sak

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Laurdag føremiddag vart ei sak publisert i Vestnesavisa der ei alvorleg sak om trakassering vart omtala. I etterkant av at saka vart publisert kom det fram informasjon som ikkje var tilgjengeleg for redaksjonen på publiseringstidspunktet.

I lys av den nye informasjonen valgte Vestnesavisa å trekke saken då den var i konflikt med, og potensielt brot på ein eller fleire av paragrafane i Vær Varsom Plakaten og media sine retningslinjer for god presseetikk.

Saka held fram etter annonsen

– Det er ikkje ofte me vel å avpublisere ei sak på denne måten, men i lys av informasjonen redaksjonen fekk tilgang til var det det einaste rette i denne situasjonen, seier redaktør Torstein Sønstabø.