Vestnesavisa
2 minutter lesetid

Opne skular men ingen undervisning onsdag

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Dei offentlege skulane i Vestnes held ope onsdag for dei som ikkje kan ha forsvarleg tilsyn med barna heime. Det er klart etter eit møte i kriseleiinga tysdag kveld. Barnehagane held ope som vanleg.

Frå onsdag ettermiddag og fram til torsdag ettermiddag er det venta ekstremt kraftige vindkast i ytre strøk av Møre og Romsdal.

Saka held fram etter annonsen

Vestnes kommune set i verk følgande tiltak:

  • Barnehagane held ope som normalt onsdag
  • Dei offentlege skulane, inkludert vaksenopplæringa held stengt. Det vert ikkje gjennomført undervisning. Men skulane/SFO er opne for dei som ikkje kan ha forsvarleg tilsyn med barna heime. Foreldre er ansvarleg for transport til og frå skulen.
  • Det vert ingen undervisning på kulturskulen onsdag, og alle kommunale fritidstilbod held steng.
  • Kommunale dagtilbod/dagsenter held stengt.
  • Vestnes kommune anbefalar lag og organisasjonar om å avlyse all aktivitet onsdag ettermiddag og kveld.
  • Vestnes kommune oppmodar tilsette som har moglegheit til det å ha heimekontor.
  • Kommunen ber dei som er pårørande til eldre og sjuke å halde eit ekstra euge med sine nære.

Vidare ber Vestnes kommune alle om å vere ekstra forsiktige så lenge ekstremværet pågåd, og opphalde seg minst mogleg utandørs.

Det vil kome oppdatert informasjon angåande torsdagen etter at kriseleiinga har hatt nytt møte onsdag.