Vestnesavisa
1 minutt lesetid

Køyrde frå politiet på Vatne og vart stansa på Vågstranda

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

I dag tideleg nekta ein billist å stoppe etter ein fartskontroll på Vatne, og kom seg heilt til Vågstranda før ferda stansa.

Politiet melder i dag torsdag føremiddag at ein ung mann i 20-åra vart målt til å ha køyrt 134 kilometer i timen i ei 80-sone på Vatne.

Saka held fram etter annonsen

Eit augevitne Vestnesavisa snakka med fortalde at det for ein bil gjennom Vatne sentrum i ei valdsamt fart, men ein sivilpolitibil med sirener tett bak i 9-tida torsdag morgon. På X skriv Politiet Møre og Romsdal at føraren av bilen nekta å stanse. På Vågstranda fem mil unna fekk likevel ei patrulje stoppa den unge mannen.

Saka held fram etter annonsen

Politiet skriv videre at han no også er mistenkt for å ha køyrt i rusa tilstand, at det er teke blodprøver av han og at dei vil opprette ei tilleggssak etter funn av narkotika i bilen.