Vestnesavisa
8 minutter lesetid

Fridom – tar me den for gitt?

Det er i dag 80 år sidan Tyskland kapitulerte og Norge igjen var eit fritt land. Men tar me fridomen vår for gitt?

Dette er ein leiar som gir uttrykk for Vestnesavisa sitt syn.

Saka held fram etter annonsen

8. mai 1945. Ein dato som har gått igjen i lærebøker og forteljingar i 80 år. Det var dagen då det norske flagget gjekk til topps og jubelropa var høgare enn nokon gong her til lands. Fem lange år under diktaturet til ei framand makt var over.

Mange tusen nordmenn og nordkvinner mista livet i kampen mot okkupasjonsmakta. Enten gjennom krigshandlingar som soldatar, illegalt arbeid eller til sjøs. Behandlinga som sjømenna som segla ute under krigen fekk i ettertid skal me ikkje gå inn på no. Men det er jo lov å håpe at styresmaktene har tatt lærdom av det som skjedde i tilfelle det skulle skje igjen.

Me har det godt

Det er ikkje tvil om at me i Norge har det godt i dag. Inntekter frå olje og gass gjorde at me etter kvart vart eitt av dei rikaste landa i verda. Sjølv om ein kanskje ikkje skulle tru det alltid når ein ser på holete vegar og falleferdige skular.

Likevel kan me eigentleg ikkje klage her på berget. Det meste er faktisk på stell, sjølv om me likar å tru det motsatte.

Men har me hatt det godt for lenge? Byrjar me å ta fridomen vår for gitt?

Då Russland invaderte Ukraina kom plutseleg krigen tett på dørstokken vår. Tidlegare har krig vore noko som skjedde langt unna. I ein anna del av verden. Ein del som ikkje påverka Norge så sterkt. Det har vore noko me les om i avisene.

Generasjonen som hugsar andre verdskrig er på veg bort. Og med dei forsvinn også stemmene som åtvara oss mot å ta ting for gitt. Dei hadde opplevd på kroppen korleis det var å ikkje ha det mest naudsynte. Fridom og mat. Mange hadde svært lite mat i krigsåra, og fridom hadde dei eigentleg ikkje i det heile.

Du må ikke sove

I 1936 gav Arnulf Øverland ut diktet «Du må ikke sove». Sjølv om den politiske situasjonen var noko ulik i Europa den gong, så passar tematikken minst like godt i dag.

Du må ikke sitte trygt i ditt hjem
og si: Det er sørgelig, stakkars dem!
Du må ikke tåle så inderlig vel
den urett som ikke rammer dig selv!

Me skal ikkje sitte på vår tue og tenke at krig er noko som berre skjer andre stadar, og akseptere at det skjer. Krig og uro kjem nærmare og nærmare norskegrensa. Og om me ikkje handlar no, så kan me risikere å plutseleg vere del av ei storkonflikt igjen.

Me er alle ein del av beredskapen i Norge. Enten som soldat i det militære, kjøpmann, frivillig i hjelpeorganisasjonar som Røde Kors og Norsk folkehjelp, eller på andre måtar.

Sjølv er eg utprega sivilist. Eg var aldri i militæret. Førstegangstenesta mi var avtent som sivilarbeider på folkehøgskule. Men eg kan likevel vere med og gjere ein forskjell dersom det skulle bli naudsynt. Alle har noko å bidra med. Ein må berre tenke over kva det kan vere.

Kva skal ein gjere?

Eit spørsmål mange sannsynlegvis stiller seg er; Korleis kan eg hjelpe, eg er jo berre ein? Svaret er enkelt – samstundes som det er uhyre vanskeleg å svare på.

Det første eg vil oppfordre til, er å bruke stemmeretten ved stortings- og kommuneval. Kva du stemmer skal ikkje eg legge meg opp i. Det er ein personleg sak, og kvar og ein av oss har rett til å meine det ein vil. Det er jo det som er så flott med fridom og demokrati.

Men bruk stemmeretten din. Det er gjennom stemmesedlane me kan påverke politikken i Norge, og på den måten korleis Norge handterer krisar. Så får det heller våge seg at det alltid vil vere usemje om den rette vegen. (Har du nokon gong sett ein rett veg i Norge? For det har ikkje eg).

Det var det enkle svaret. Ein del av det vanskelege svaret er at me må ha i tankane korleis det me gjer i kvardagen påverkar dei rundt oss. Det er viktig at me lyttar til kvarandre, og ikkje berre står med steile frontar dersom det er usemje om noko. Når stemninga er god, er løysingane enklare å finne.

Kva kan me lære?

Historien er dømt til å gjenta seg sjølv dersom folk som ikkje hugsar den får styre. Det har me sett mange gongar opp gjennom åra. Styresmakter som har gjort den samme feilen omatt og omatt. Og så ser dei like overraska kvar gong det går på tverke.

Saka held fram etter annonsen

Kva kan me lære om historien 80 år tilbake i tid? Her er svaret VELDIG enkelt. Me må ikkje la ytterleggåande ekstremistar få kome til makta. Det spelar ikkje noko rolle om dei er på høgre- eller venstresida politisk eller ideologisk. Ekstremisme er farleg for alle uansett.

Ein ekstremist ser ikkje anna enn seg sjølv og sitt syn. Ein ekstremist har ikkje evnen til å ville sjå ting frå andre synspunkt. Dei har rett, og det dei meinere er rett er rett for alle. Uansett. Ingenting får dei til så stoppe opp og tenke seg om. Det er her risikoen ligg i dag. Samfunnet er i ferd med å bli polarisert både politisk og idealistisk. Sterke krefter drar i begge retningar, og det er her me finn grobotn for konflikt.

Me har merka det over tid. Kommentarfelt på nyheitssaker på nett er eit døme på at det byrjar i det små. Tastatursoldatane som sit i si trygge stove har i årevis spydd ut eder og galle mot alle som var ueinige med dei. Ein vart skjelt ut dersom ein hadde «feil meining». Bak tastaturet følte dei seg trygge. Dei hadde neppe sagt det til deg om dei traff deg på gata. Men det var ein start. Etter kvart samla desse gjengane seg i andre fora. Ekkokammer der dei spydde ut sine ideologiske og ekstreme tankar til kvarandre, og fekk gehør. Dei vaks. Men me ser dei ikkje i det daglege. Det føregår litt skjult utan noko påverknad frå ytre meiningar.

Når slike grupper får tid og rom til å vekse, er det grunn til å bli bekymra.

Den fridomen me har hatt i 80 år var dyrkjøpt. Unge menn og kvinner risikerte livet, og mange ofra det, for at me skulle vere eit fritt land.

Då må ikkje me kome her nokre tiår seinare og kaste den bort fordi me trur me ikkje kan gjere noko med det.

Jeg skjønte det ikke. Nu er det for sent.
Min dom er rettferdig. Min straff er fortjent.
jeg trodde på fremgang, jeg trodde på fred,
på arbeid, på samhold, på kjærlighet!
Men den som ikke vil dø i en flokk
får prøve alene, på bøddelens blokk!