Politiet hadde problem med naudnummeret
Politiet melder at operasjonssentralen i Møre og Romsdal hadde fredag problem med naudnummeret 112.
– Dersom nokon ringer 112 og opplever at dei ikkje får svar eller ingen lyd i andre enden, oppfordrast det til å ringe ei av dei andre naudetatane, AMK 113 eller Brann 110, skriv operasjonsleiar Jørgen Molnes i politiloggen.
Saka held fram etter annonsen
Klokka 21 meldte politiet at naudnummeret igjen var operativt som normalt.