Vestnesavisa
3 minutter lesetid

Senterpartiet leverer medan Høgre og FrP reverserer 

Sjølv om mange ikkje likar å innrømme det så er Møre og Romsdal eit distriktsfylke. Vi som bur her veit difor betre enn dei fleste kor viktig det er med ein aktiv distriktspolitikk. Her er vi heilt avhengige av ferjer, flyruter og eit landbruk som gjev både arbeidsplassar og trygg mat på bordet. Difor er det avgjerande å ha politikarar som faktisk prioriterer kvardagen til folk flest, ikkje berre skattekutt til dei aller rikaste.  

Saka held fram etter annonsen

Senterpartiet har dei siste åra levert ei rekkje konkrete resultat for distrikta:  

Vi har halvert ferjeprisane og gjort 77 samband heilt gratis. Det betyr mykje for folk og næringsliv i eit fylke som vårt. Vi har halvert prisane på kortbaneflyrutene. For store deler av både næringsliv og folk i Møre og Romsdal er ikkje flyet luksus, men ein nødvendig del av logistikken.

Senterpartiet har kutta barnehageprisane i heile landet og ekstra i distriktskommunar der prisen no er berre 700 kroner i månaden. SFO er også blitt rimelegare. Det betyr titusenvis av kroner spart for småbarnsfamiliar, og gjer det lettare å bu og etablere seg i bygdene våre.  

Sjølv om mykje viktig arbeid står att så har vi med Senterpartiet i landbruksdepartementet hatt den største satsinga på norsk jordbruk på fleire tiår. Inntektsgapet er i ferd med å bli tetta, og overføringane til bøndene har vore rekordstore. Det gjev tryggleik for framtida til norsk matproduksjon, for bøndene i Møre og Romsdal, og alle dei som er så heldige å få ete dei fantastiske råvarene bøndene her produserer. Dette er berre nokre eksempel på politikk som gjer den økonomiske kvardagen litt enklare, og som gjer det mogleg å bu og leve i heile fylket.  

Valet i haust blir avgjerande for om desse gode tiltaka får halde fram og virke. For Høgre og FrP har ein heilt annan kurs. Dei vil kutte i ordningar som gratisferjer, billigare barnehage og støtte til landbruket. Vi hugsar godt korleis Solberg-regjeringa kutta i reisefrådraget og gjorde kvardagen dyrare for pendlarar og distriktsfolk. Vi hugsar også korleis dei slo saman kommunar med tvang. Dei kallar det «effektivisering», men det er faktisk sentralisering. Møre og Romsdal treng ikkje meir av den politikken. Vi treng ei regjering som ser verdien av å satse på heile landet, ikkje berre dei største byane som Oslo, Bergen og Trondheim.

Saka held fram etter annonsen

Senterpartiet kjempar for at folk i fylket vårt skal ha like gode moglegheiter som folk i dei store byane. Vi vil halde fram med å gjere kvardagen billegare, tryggare og betre for folk flest, ikkje vanskelegare og meir sentralisert, slik Høgre og FrP sin politikk legg opp til.  

Senterpartiet har dei siste åra fått på plass mykje god politikk og vi vil enda meir! Senterpartiet vil satse på heile Møre og Romsdal. Stem Senterpartiet i valet i haust!

Geir Inge Lien -stortingsrepresentant og 1.kandidat Møre og Romsdal senterparti