Minneord om Kjell Rekdal
Kjell vart fødd i 1947 på Ellingsetra i Fiksdal, på det gardsbruket som blir kalla «Bøen». Han vaks opp i ein liten familie, saman med foreldra Alfhild og Per Rekdal, og besteforeldra Gjertrud og Pe. Då Kjell var tre år gammal, vart familien større, då broren Leif kom til verda. Dei to gutane fekk med seg ein god ballast i livet frå ein trygg og god heim, med stor omsorg for både folk og dyr.
Etter konfirmasjonen prøvde Kjell seg i ulike jobbar. Han arbeidde ei tid på møbelfabrikk i heimbygda, seinare som visargut i Molde, der han køyrde ut varer til kundane med moped. Kjell var rask og effektiv, og passa sikkert godt i den jobben.
I ung alder kom han inn som lærling på Vestnes kommunale kraftverk, som det heitte den tida. Etter ei tid tok han fagbrev som montør. På 70- og 80-talet var det stor byggeaktivitet i Vestnes, og det er mange i Vestnes som i dag bur i hus der det elektriske arbeidet var utført av Kjell. Han fekk etter kvart stor erfaring, noko som gjorde at han kunne gje kundane god rådgjeving innan fagfeltet sitt.
I ungdomstida vart Kjell kjent med Mary Hofseth frå Vatnefjorden, og med det starta eit livslangt samliv. Mary vart tilsett i Vestnes kommune, som kontorfullmektig på skulekontoret. Mary og Kjell gifta seg, og dei etablerte seg etter ei tid i eigen bustad på Hagneset, der dei saman skapte seg ein vakker og velstelt heim.
Både Kjell og Mary hadde interesse og anlegg for handel, og dei starta opp i det små, med sal av bilrekvisita frå bustaden på Hagneset. Dette gjekk godt, og etter kvart satsa dei for fullt på sportsbutikk i leigde lokale i Helland sentrum. Mary sin kunnskap og erfaring frå tidlegare arbeidsplassar gjorde at ho var godt kvalifisert til å ta hand om det forretningsmessige. Kjell hadde med seg kompetanse og erfaring frå både idrett, friluftsliv og sportsfiske. Sportsforretninga gjekk godt, og kundane vart alltid godt mottekne av Mary og Kjell. Godt humør, gode smil, minneverdige replikkar, og ikkje minst god varekunnskap gjorde at folk gjerne oppsøkte butikken, som dei dreiv i omlag 20 år.
Som godt vaksen innleia Kjell ein idrettskarriere, med aktivitet både i friidrett om sommaren og langrenn i vintersesongen. På den tida var det eit godt miljø for kondisjonsidrett i Vestnes, og Kjell var ein av dei ivrigaste. Han tok idretten seriøst, og var godt oppdatert både på utstyr og treningsmetodar. Han deltok ivrig i stemne rundt om i distriktet, og kom ofte heim med premiar.
Kjell var også ein av dei ivrigaste for få til ei lysløype for langrenn ved den gamle idrettsplassen, og der var det stor aktivitet den tida det var meir stabile vintrar.
Både Mary og Kjell fekk større utfordringar med helsa etter kvart. Dei avvikla då forretningsdrifta, og skaffa seg leiligheit i Torrevieja, Spania. Klimaet og livet i «syden» viste seg å gjere helseplagene lettare for dei begge, og dei oppheld seg derfor der i lengre periodar.
Då Mary gjekk bort i 2023, vart Kjell att åleine i heimen på Hagneset. For oss som kjende dei begge, var det lett å forstå at saknet vart tungt å bere. Det var ikkje lett for den sosiale Kjell å vere åleine. Samstundes svikta helsa meir og meir, og det gode humøret og livsgnisten slokna litt etter kvart. Den siste tida budde Kjell på Stella Maris, og for oss som kjente han «Kjell på Bønå» vart det meir og meir klart at eit innhaldsrikt liv no gjekk mot slutten.
Laurdag 15. november 2025 sovna Kjell inn. Mange sit i dag att med sorg, men samstundes med stor takksemd og gode minne om ein kjær slektning og ein god venn.
Minna om Kjell vil leve, lenge etter at han er borte!
Per Bjørn Ellingseter

