Vestnesavisa
6 minutter lesetid

Når meiningar og handel kolliderer

Du les no ein leiar. Det uttrykkjer Vestnesavisa si meining

Førre veke hadde Vestnesavisa ein leiar som mellom anna tok føre seg fenomenet «fråtsehandling» før jul. Dette fall ikkje i god jord hos dei handelsdrivande i sentrum har eg fått høyre. Eit fåtal har tatt kontakt direkte med redaktøren (ein) og ein til har vore i kontakt med Vestnesavisa sine andre funksjonar, men ikkje redaktøren, om si misnøye.

Som ein start i denne leiaren vil eg kome med ei presisering.

Saka held fram etter annonsen

Eg forsøkte ikkje å gå til åtak på handelsstanden lokalt. Dei gjer ein fenomenal jobb på mange område med å skape eit levande og aktivt sentrum.

Det eg gjorde var å setje eit litt kritisk skråblikk på handelsstanden som institusjon i heile landet. Og store delar av verda også forsåvidt. Ordet «Vestnes» var ikkje nemnt i leiaren. Val av bilete for å illustrere leiaren var kanskje litt uheldig i dette tilfellet, men det var meint som ein rein illustrasjon utan noko meir meining bak det.

Eg meinar av heile meg at me handlar alt for mykje før jul, og alt for lett gløymer det viktigaste. Det var dette eg ønska å få fram i min leiar som vart publisert 4. desember. Men handelsstanden følte dessverre at eg gjekk til frontalangrep på dei. Kanskje kunne eg formulert meg betre og vore meir presis i måten eg omtalte handelsstanden.

Samstundes vil eg påpeike at påstandar som at «Vestnesavisa aktivt motarbeider alt som blir gjort i sentrum i førjulstida» fell på sin eigen urimelegheit. Det viser dekkinga av det som har skjedd både før juleprogrammet starta, og undervegs.

Sanninga er at Vestnesavisa heiar på lokalt initiativ og ønsker å støtte opp om det som skjer. Samstundes skal me ikkje heie så blindt at det ikkje er rom for eit litt kritisk blikk.

Så vil eg gå over til den leiaren som stod på programmet denne veka.

Når nissen ikkje dukkar opp

(Illustrasjon: Vestnesavisa/Fonnfjell Reklamebyrå)

Det er julafta. Klokka tikkar mot kveld. Men julenissen har ikkje dukka opp. Etter ein spak middag var det eit ørlite håp om at det dukka opp nokre gåver. For under treet er det tomt. Skuffinga veks hos store og små.

Slik er dessverre julafta for alt for mange. Også her i Vestnes. Men det er ofte ikkje synleg. Ikkje før vennegjengen møtast i romjula og samanliknar gåver. Då kjem minna om ein enkel middag og manglande gåver fram att. Kva gjer det med eit ungt barnesinn? Eit barnesinn har det vanskeleg frå før?

Storsamfunnet har blitt kaldare med åra. Det er i alle fall mitt inntrykk. Men heldigvis finst det framleis gode sjeler som står på for at andre skal ha det best mogleg i jula. Lokalt kan det nemnast juletreet på biblioteket i regi av Frivilligsentralen og Røde Kors der ein kan kjøpe julekuler å pynte med og matinnsamling på matbutikkar der folk kan donere mat til matkassar for jula.

Liknande initiativ finn ein også på fleire arbeidsplassar rundt i kommunen. Lokalsamfunnet slår ring rundt dei som treng det mest, og det synest eg fortener ein honnør.

Det vert også arrangert juletrefestar ute i bygdene. Lågterskeltilbod der alle er inviterte. For fuglane skal vite at mange treng det. Mange fleire enn me trur. Men kjem informasjonen om desse arrangementa godt nok ut? Der er eg dessverre litt usikker.

Saka held fram etter annonsen

Det er ikkje gitt at det er dårleg råd som er problemet. Mange kan ha traumer som gjer at dei ikkje greier å nyte juletida. Familiemedlemmar, vener eller andre som stod dei nær kan vere borte. Det kan vere sorg, fysiske smerter eller andre ting. Faktum er at medan dei fleste av oss sit rundt bordet og fråtsar i god mat, og pakkar opp gåver til langt utpå kvelden, sit det folk som berre gler seg til det heile er over og kvardagen kjem tilbake. Det synest eg er leitt. Og difor er eg glad eg bur i eit samfunn der folk bryr seg.

Det beundringsverdig å sjå korleis lokalsamfunnet i Vestnes stiller opp for sine. Både til kvardags og til fest. Hjarterommet blant folk i Vestnes er stort. Det er ikkje sikkert det er så lett å sjå for folk som er oppvaksne her. Men som innflyttar sidan 2009 er det veldig lett å sjå. Same kor ein snur seg er det nokon som vil hjelpe. Og om dei ikkje kan hjelpe, viser dei vegen vidare til nokon som kan. Det er sjeldan nei å få.

La oss gå saman og sørge for at jula vert best mogleg for flest mogleg.