Tankar etter budsjettmøtet
Årets største politiske verksted er over. Budsjettdebatten. Eg ser enkelte politikarar som vil basere seg på blant anna høgare skatteinntekt (ukjent tall), sal av aksjer og eigedomar (også ukjende tall), syter og påstår at alle får det så mykje verre nå.
Medan deira sitt forslag kunne ha satt kommunen i ennå større gjeld. Dei kjem med påstandar utan grunnlag, driver noko som liknar valkamp og er på grensen til mistillit til administrasjonen.
Medan vi, resten av kommunestyret innser vi må spare, og stole på dei reelle tala vi har fått forelagt.
Vi har blandt anna klart å behalde heilårsopptak i barnehage, noko som er svært viktig for bulyst og arbeidsmarknad i Vestnes. Vi innser at vi må forandre innsatstrappa vår i pleie og omsorg, og vi må leggje til rette for å ha råd til ny ungdomsskule. Det krev forhandlinger, og godt politisk arbeid.
Som politikarar er kommunestyret arbeidsgivar for rundt 1.200 tilsatte. Vi skal ikkje detaljstyre det som skjer rundt omkring. Vi skal leggja rammer. Og så er det opp til administrasjonen å følge opp i tråd med dei rammane. Vi har lagt inn ei bestilling. No må administrasjonen følge opp.
Fortsatt god advent.
Skafti Helgason
Vestnes SV



