Vestnesavisa
3 minutter lesetid

Godt nyttår?

Du les no ein leiar. Det uttrykkjer Vestnesavisa si meining

2025 er over, og kanskje vert 2026 eit betre år. I alle fall håpar eg at alle får det betre. Men kva er sannsynet for det? Ser ein globalt så er det lite som peikar i retning av at me går ei fredelegare og rolegare tid i møte. Snarare tvert om.

Saka held fram etter annonsen

Krigane blusser opp som kviser hos ein tenåring same kor me snur oss. Og dei kjem stadig nærmare oss. Ein viss «statsleiar» på andre sida av storhavet synest å tru at han er eineveldande på verdsbasis. Og det i kombinasjon med andre «høge herrer» i andre delar av verda kan slå ut i både lommeboka og spisskammerset vårt.

Det er knytt stor uro til kva dei siste vekene vil ha å seie for til dømes renta, internasjonal handel, og politikken rundt om i verda. For meg og deg betyr det som regel dyrare lån, dyrare mat, dyrare drivstoff, og merkeleg nok dyrare straum.

Saka held fram etter annonsen

Så kjem spørsmålet. Kva kan me gjere for at me skal få eit godt nytt år? Sanninga er at i det store biletet så er det ikkje all verdens me kan gjere. Men for oss sjølv, og dei rundt oss er det nok eit hav av moglegheiter.

Nokre skal på treningsstudio og kome seg i betre form. Andre skal gå meir turar, ete sunnare, eller på anna måte forbetre seg sjølv.

Det eg ofte saknar i nyttårsforsetta, er lovnadar om å gjere dei rundt oss betre. For kva hjelper det om akkurat DU vert ein betre person, om ikkje dei rundt deg føl med?

I 2026 håpar eg me kan bruke meir energi på å bygge kvarandre opp. Løfte kvarandre og heie på kvarandre. På den måten kan Vestnes bli eit betre lokalsamfunn. Eit lokalsamfunn som tar meir vare på alle.

Om mange nok lokalsamfunn gjer det, så vil det forhåpentegvis merkast i den større samanhengen også.

Ha eit retteleg godt nytt år!

Torstein M. Sønstabø
Redaktør
Vestnesavisa