Når kunstig intelligens gjer det vanskeleg
Kunstig intelligens er nok kome for å bli. Men korleis påverkar det nyheitskvardagen til folk? Og kor går grensa for kva som er akseptabelt i redaktørstyrte medium? I Vestnesavisa har me ei klingande klar grense. Og det håpar me lesarane set pris på.
NRK hadde søndag ein større sak som omhandlar kunstig intelligens og måten folk tolkar nyheitsbiletet på.
Mange, spesielt unge, får mykje av nyheitene sine via sosiale medium. Difor var det godt å lese i NRK sin sak at ungdom har stor tiltru til redaktørstyrte medium og at det som vert presentert er sanninga. I alle fall så langt det er råd å stadfeste.
Verda har relativt sett blitt mindre. Det tar langt kortare tid for nyheiter å krysse landegrenser enn før. Og det er ofte vanskeleg for redaksjonane å stadfeste om videoar, bilete og informasjon er korrekt. Kunstig intelligens har gjort det til tider svært vanskeleg å skilje mellom ekte og falskt. Det er ei utfordring redaksjonane i landets mediehus står føre kvar einaste dag. Også i ei lokalavis som Vestnesavisa. Det er ikkje ofte me opplever å få tilsendt videoar, bilete eller anna som viser seg å vere falskt, men det har skjedd. Det er difor viktig at me er kritiske til all informasjon me nyttar i våre redaksjonelle saker.
Har Vestnesavisa brukt kunstig intelligens?
Ja. Absolutt. Me brukar kunstig intelligens kvar einaste dag. Mellom anna til å lage samandrag av komplekse saksdokument, samle informasjon i eit lettfatteleg format, og til å sortere informasjon me brukar i saker.
Men det som er heilt sikkert, er at du som lesar av Vestnesavisa aldri vil oppleve å lese ein sak som er laga av kunstig intelligens i sin heilskap. Alt me publiserer er sjekka og dobbeltsjekka av oss i redaksjonen.
Det er for oss svært viktig at me kan stå bak alt me publiserer. Våre lesarar skal vere trygg på at det er ekte, lokalproduserte og etterrettelege saker som vert publisert på våre platformer.
Kvifor er dette viktig? Korleis kan det skade om me brukar kunstig intelligens på feil måte?
Svaret er veldig enkelt. Som lokalavis og redaktørstyrt medium er me heilt avhengig av tillit blant lesarane våre. Mistar me tilliten som Vestnesavisa har bygd opp hos sine lesarar over snart 40 år, vil me ha store problem med å få den tilbake.
Difor kan me garantere at dersom det er brukt kunstig intelligens til å lage illustrasjonar, eller anna innhald i redaksjonelle saker, vil dette vere godt merka.
Men me merkar ikkje saker der me har brukt kunstig intelligens i undersøkingsarbeidet. Då ville nesten alle saker i avisa vore merka med at kunstig intelligens har blitt brukt. Merkinga vil då virke mot si hensikt.
Kan Vestnesavisa garantere at det ikkje vil kome saker der det er brukt informasjon som i ettertid viser seg å vere skapt av kunstig intelligens og som ikkje er så etteretteleg som den burde?
Nei. Dessverre kan ikkje eg som redaktør garantere at det ikkje vil skje. Men eg kan garantere at me vil gjere vårt ytterste for at det ikkje skal skje. Me har gode verktøy for å verifisere informasjon, og er me i tvil, har me samarbeidspartnarar som har større og betre verktøy me kan be om hjelp frå.
Korleis kan du som lesar hjelpe oss med å filtrere ut «fake news»?
Her er det etter mi meining berre ein fornuftig måte å hjelpe oss på. Ta kontakt om du mistenker at me har brukt feilaktig informasjon. Feil kan skje, og dersom du oppdagar noko som er feil, så er det veldig fint om me får vite om det. På den måten kan me rette opp i feilen og sørge for at korrekt informasjon kjem fram.
Kunstig intelligens er eit fantastisk verktøy. Gitt at det vert brukt på rett måte. Brukar ein kunstig intelligens på feil måte vert det rett og slett ein fare for samfunnet. Det ser ein i sosiale medium kvar einaste dag. Det er filmar som er laga med kunstig intelligens som går viralt, og svært mange som av dei som ser filmane trur det er ekte. Det fører også til eit lite paradoks. Mange filmar som er ekte, vert mistenkt for å vere laga av kunstig intelligens. Filmar som viser reelle hendingar vert rett og slett ignorert fordi folk trur dei er falske.
Kva kan du som lesar av ulike medium gjere for å unngå KI-fella?
Dessverre alt for lite, utover det å vere kritisk til det ein les og ser. Ver kjeldekritisk. Still spørsmål ved ting. Er det noko som skurrar i saken eller filmen? Ser biletet litt for perfekt ut? Og ikkje minst – dukkar saken, biletet eller filmen opp i andre, helst redaktørstyrte medium? Om svaret på det siste er nei, er nok sjansen for at det er falskt ganske høgt.


