Kjente folk gir trygghet – ikkje sentralisering
FrP Vestnes er imot at mottak av tryggleiksalarmar skal flyttast frå heimetenesta i Vestnes til Regionalt Responssenter i Kristiansund.
Vi meiner det er betre å bruke ressursane på ei ekstra stilling i heimesjukepleien her i kommunen, enn å flytte viktige oppgåver ut av Vestnes. Tryggleik handlar ikkje berre om teknologi og system – det handlar om menneske, lokalkunnskap og kjennskap til brukarane.
Kven kjenner brukarane i Vestnes kommune best?
Er det heimetenesta her lokalt – eller ein sentral i Kristiansund?
Mange eldre har allereie blitt flytta frå Stella Maris og heim, etter at kommunen har lagt to bogrupper på vakant. Desse menneska har opplevd store endringar på kort tid. Då meiner vi det er heilt rimeleg at dei som tek imot tryggleiksalarmane er kjende fagfolk som kjenner både brukarane, lokalmiljøet og forholda i kommunen.
I dag handterer heimetenesta om lag 25 alarmar om dagen. Mange av desse er ikkje akutt helsehjelp, men spørsmål frå brukarar som kjenner dei som svarar. Denne tryggleiken forsvinn når alarmane går til ein ekstern sentral.
Vestnes kommune legg opp til å bruke rundt 1 million kroner i året på kjøp av tenester frå responssenteret i Kristiansund, finansiert ved å redusere avsetning til disposisjonsfondet. FrP meiner dette er feil prioritering. For same beløp kunne kommunen styrka heimetenesta lokalt og gitt betre kapasitet der tenestene faktisk blir utførte.
Det blir hevda at pasienttryggleiken vil vere like god. FrP meiner tryggleik også handlar om relasjonar, nærleik og kjennskap – ikkje berre responstid og system. For mange eldre er det ei stor tryggleik å høyre ei kjent stemme når alarmen går.
FrP Vestnes vil styrke dei lokale tenestene – ikkje svekke dei gjennom sentralisering.
Tryggleiksalarmar bør svarast på av folk som kjenner Vestnes – og dei som bur her.
Sissel Vasseli, kommunestyrerepresentant, Vestnes Frp


