Når ordføraren skyt frå hofta, så bommar han kraftig
Varaordførar Bjørn Inge Olsen gjekk torsdag kraftig ut mot Vestnesavisa angåande dekkinga av saka om mogleg ulovleg forvalting av overtids- og avspaseringsreglementet til Vestnes kommune. Det bør han halde seg for god til frå talarstolen i kommunestyret.
Til vanleg er Olsen varaordførar. I dette møtet, og også det forrige møtet der kontrollutvalssaka vart debattert, var han ordførar då ordførar Randi Bergundhaugen ikkje hadde anledning til å stille i møtet.
Frie redaktørstyrte medium har ein viktig jobb i samfunnet. Når denne jobben vert angripen frå politisk talarstol for fullt kommunestyre og på kommune-tv, utan moglegheit til motsvar, så bidrar den øvste politiske leiaren til å så tvil om sanninga i det som vert publisert av media.
Varmgang i debatten
Under torsdagens debatt i saka som kontrollutvalsleiar Kristen Stokkeland hadde bede om å få på sakskartet, gjekk det heitt føre seg. Kanskje litt for heitt for enkelte. Deriblant Olsen.
I kommunestyret har ikkje media moglegheit til å kome med motsvar når me vert skulda for noko. Det er eit politisk forum, og berre politikarane har talerett. Ja, kanskje hadde eg som redaktør fått gå på talarstolen og kommentert utsagnet til Olsen dersom eg hadde spurt fint. Men den talarskolen er ikkje mitt talerøyr. Eg skal referere ti ldet som føregår i kommunestyresalen, ikkje bidra.
Bjørn Inge Olsen var tydeleg i si meining om Vestnesavisa si dekking av den forrige debatten i saken.
– Eg håpar Vestnesavisa held seg nøytral i saken. Det gjorde dei ikkje i førre runde slik eg oppfatta det, var Olsen sitt utsagn.
Utsagnet kom tydeleg, høgt og med eit blikk som ikkje lot det vere tvil om at dette var det han meinte.
Så nøytral som mogleg
Som redaktør i lokalavisa for Vestnes, jobbar eg kvar dag for å få fram nyheiter, kuriositetar og reportasjar om hendingar til våre lesarar. For å gjere den jobben, må eg vere nøytral. Om Vestnesavisa ikkje held seg nøytral i redaksjonell omtale, så får me ikkje fram sanninga i sakene.
Lokalavisa er lim og lupe i eit lokalsamfunn. Politikarane, og spesielt den politiske leiinga, skal vere glad for at lokalavisa faktisk brukar tid på å sitje på kvart einaste kommunestyremøte, og mange av formannskapsmøta for å referere til det dei avgjer. Veljarane deira har rett på det, og ein lokalpolitikk utan lokalmedia er svært lite gjennomsiktig.
Kva som er nøytral dekking vil i nokre tilfelle vere subjektivt. Omtalte personar kan føle at det ikkje er nøytralt, medan andre meiner det er ei god framstilling utan slagside.
Samstundes er ikkje media feilfri. Av og til bommar me også. Og då korrigerer me, rettar opp feil, og beklagar på spalteplass til dei berørte partane.
Maktmisbruk?
Når redaktøren vert skulda for å ikkje gjere jobben sin av ordføraren, frå ordføraren sitt domene og hans trone, så undrar eg meg over kva anna den politiske leiinga i Vestnes meiner om media. Det kjennest som maktmisbruk frå den politiske leiinga. Eit forsøk på å endre narrativet i saken og så tvil blant lokalavisa sine lesarar om det dei får referert faktisk er korrekt. Det er ein tendens ein ser i andre land som Norge gjerne ikkje vil samanliknast med.
Men det er ikkje berre Olsen som har uttrykt sterk misnøye med media frå talarstolen. Også ordførar Randi Bergundhaugen har hatt nokre episodar der ho uttrykker misnøye og mistillit til media. Utan at eg skal gå i detalj på det her og no. Men det kan i ytterste konsekvens tyde på at den politiske leiinga i Vestnes byrjar å bli mediefiendtleg. Og er samfunnet og demokratiet tent med det? Svaret på det er nei.
Så nei Bjørn Inge Olsen. Framstillinga av den forrige debatten om kontrollutvalssaka var ikkje ubalansert. Den var nøytral, refererte til det som vart sagt i debatten, og det som var lagt fram av dokumentasjon frå begge sider i saka.
Og om den politiske leiinga, eller andre i lokalpolitikken er usamd i det som står, så står dei fritt til å ta kontakt med redaktøren og diskutere saka. Det er alltid lov å vere usamd, eller å kome med innspel og tilbakemeldingar. Redaksjonsdøra er alltid open.
Men å ta den diskusjonen frå ein talarstol som for den gjengse innbyggar er ein monologstol utan moglegheit for tilsvar er ikkje den rette måten.
Når ein skyt frå hofta herr Ordførar, vert det veldig ofte skivebom.
Torstein M. Sønstabø
Redaktør
Vestnesavisa



