Vestnesavisa
3 minutter lesetid

Ein sommarjobb varer lenger enn sommaren

Du les no eit lesarinnlegg. Det uttrykkjer skribenten si meining

17 prosent av unge i Møre og Romsdal står i dag utanfor jobb og utdanning.
Samstundes manglar bedriftene arbeidskraft. Midt i dette paradokset finnast eit av dei mest treffsikre tiltak vi har: sommarjobben.

For mange unge er sommarjobben det første møtet med arbeidslivet. Det skaper
arbeidslyst og legg grunnlaget for vidare utdanning og yrkesval. Erfaringane varer
lenge etter at sommaren er over. For arbeidsgjevarar er sommarjobbar ein effektiv måte å bli kjent med framtidige tilsette på. For samfunnet er det eit av dei viktigaste tiltak vi har for å førebygge utanforskap.

Saka held fram etter annonsen


Sommarjobb er døropnar til arbeidslivet

Ifølge Nav er 16,2 prosent av unge mellom 20 og 29 år verken i jobb eller utdanning. I Møre og Romsdal er andelen endå høgare – 17 prosent. Difor er det viktig å legge til rette for tidleg arbeidserfaring. For mange unge er sommarjobben ein avgjerande inngang til arbeidslivet, som skaper inkludering, ansvarskjensle og tru på eigne ferdigheiter – erfaringar som varer livet ut.

Næringslivet treng ungdomen

NHO sitt kompetansebarometer (2025) viser at bedriftene i Møre og Romsdal har eit stort udekka behov for arbeidskraft. Ifølge NHO sin medlemsundersøking (mars 2025) svarar seks av ti bedrifter at sommarjobbar har ført til fast tilsetting. Det gjer sommarjobbar til eit av dei mest treffsikre rekrutteringstiltak vi har.

Frå første sommarjobb til varig tilknytning

Tidleg arbeidserfaring gir struktur i kvardagen og styrkar tilknytning til arbeidslivet. Tal frå SSB viser at ungdom som har sommar- eller deltidsjobb, står sterkare seinare i yrkeslivet, både økonomisk og sosialt. Fleire kjem i arbeid og det er lågare risiko for å falle utanfor.

Saka held fram etter annonsen

Sommarjobbar skaper framtid – ikkje berre CV

Alt frå 13 år kan ungdom få sin første arbeidserfaring, og frå 15 år kan dei ta på
seg større ansvar. Samstundes er mange usikre på regelverket. Difor vil vi bidra med informasjon og mobilisere bedrifter, og offentlege aktørar til å tilby fleire sommarjobber.

Dette er vinn–vinn for både unge, arbeidsliv og samfunn

Difor samarbeider NHO og Nav i Møre og Romsdal, samt ei rekkje gode
samarbeidsaktørar for å få fleire sommarjobbar. Har din arbeidsplass rom for ein
sommarvikar i sommar? Lys ut på arbeidsplassen.no/sommerjobb.

Lene Trude Solheim, regiondirektør i NHO Møre og Romsdal, og Stein Veland, fylkesdirektør i Nav Møre og Romsdal