Skulle felle tre – tok straumen
Nordvestnett melder onsdag føremiddag at litt under 400 abonnentar i området Tomrefjord-Fiksdal mista straumen.
Årsaken skal vere at eit tre landa på linja under skogrydding. Mannskap er på veg ut for å rydde linja og få straumen i gang att.

