Vestnesavisa
7 minutter lesetid

Turen til Otrakammarvikjo og dei gode påskeminnene

Du les no ein leiar. Det uttrykkjer Vestnesavisa si meining

For mange er påske synonymt med religion. Å gå i kyrkja. Å tru. Å be. Å feire Jesus og det som føregjekk rundt han i desse dagane for rundt 2.000 år sidan.

Saka held fram etter annonsen

Det er det ikkje for meg. For meg er påske synonymt med familietid. Å vere saman med dei viktigaste personane i livet mitt. Det er tid for refleksjon og dagdrøyming tilbake til ei svunnen tid som barn.

Eg hugsar då eg var liten spirrevipp heime på Sønstabø. Påskeferie. Det å ha fri fleire dagar på rad frå barnehagen. Og mamma og pappa hadde fri dei også. Det vil seie pappa hadde fri. Mamma jobba turnus i helse- og omsorgssektoren så ho jobba jo «heile tida». Men minna frå påsken, dei set likevel fast framleis.

På Sønstabø var det ikkje snakk om å reise på påskefjellet. Heilt vest på Bømlo visste me knapt kva det ville seie å oppleve meir enn 10-15 centimeter snø. Noko meir snø enn det ville ført til katastrofetilstandar og feite krigstypar i aviser som VG.

Me hadde nordvest kuling og regn som standardinnstillinga på vêrmeldinga gjennom store delar av vinteren. I alle fall nesten.

Då påsken kom, var båten komen på sjøen. Om den i det heile var tatt opp i løpet av vinteren. For fisket, eller «fisje» som me seier, føregjekk stort sett året rundt. Også med ein liten 16 fots Silver Viking med ein ihjelkøyrt 8 hestekrefters Suzuki (Den gamle typen med blå stamme og kvitt motordeksel).

Då påsken kom var det tid for å starte sesongen med holmeturar. Så snart sola viste seg kasta me loss. Me farta til Svinøyno, Komløyno, og kanskje ein tur innom Otrakammarvikjo. Var veret skikkeleg fint vart det ein svingom utom Nyvingane. Var det litt «rusje på sjødn» enda me gjerne på Bensaholmen eller i Gullkronevikjo. (Ja, Bømlingane har vore kreative med stadnamna sine. Det mest kjente i moderne tid er kanskje Skinnhueneset).

Målet var uansett påskekos med bål. Det skulle kokast egg. Gjerne med farge. Pappa hadde med ymse remedier som skulle gje farge på egga. Til dømes løkskal. Det gav ein kreativ gulfarge på eggeskalet. Du skal tru at dette var spanande for ein liten skrott som hadde sett sjøbein heile vegen ut.

Minna om påsken frå barndommen gir ei god kjensle. Det er ikkje fritt for at eg til tider skulle ønske at eg var 4-5 år gamal igjen og kunne oppleve det på nytt. Men det er nok ikkje så lett.

Men det eg KAN gjere, er å gi mine ungar eit lite innblikk i korleis det var å feire påske på seint 80-tal og tidleg 90-tal. Då er det utekos, bål og moro. Litt svidde fingrar høyrer med. Det er ikkje farleg. Som det vart sagt i tidlegare tider då det var lov å vere litt laussluppen med ordvalet; «Brent barn luktar vondt».

I dag føler eg at det er eit press på det å reise på påskeferie. Gjerne så spanande og opplevelsesrikt som mogleg. Og dess meir det kostar, dess betre er det.

Mine minner er om den rake motsetninga. Den enkle turen med kakao på thermosen, litt frukt og ein sjokoladebit i matboksen. Rusle ein tur i «markjo» og ut i vikane. Kjenne på sjøen og det rundt.

Her i Vestnes har me også fjell i tillegg til fjøra. Det har me ikkje heime på Bømlo. Det høgste «fjellet» er Siggjo. Ein mastodont av eit fjell på heile 474 meter over havet (pluss ei radiomast).

På Bømlo er det å rekne for eit gigantisk fjell. For resten av terrenget ligg jamt over på 0-60 meter over flomålet.

Det vart sagt frå gamalt av at då sjøfolka kom siglande inn frå Nordsjøen og fekk sjå Siggjo i horistonten, då var dei heime. Eg rusla opp på denne haugen på ein knapp time. Som femåring. I lag med «bessen». Siste gangen han var med opp var det året han fyllte 86 år. Så det seier litt om kor vanskeleg det fjellet var å erobre.

Her i Vestnes har me kombinasjonen fjøre og fjell. Og det må nytast og nyttast til det fulle. Det myldrar av turstiar og turmål i vår kommune. Mange er godt tilrettelagt for både bålbrenning og anna. Men alt med måte. Følg med på vêr og vind. Sterk vind og tørt gras er ein dårlig kombinasjon med bålfyring. Då er det kanskje betre å ta med pølser på ein thermos.

Saka held fram etter annonsen

No lurar du kanskje på kor eg vil med denne leiaren. Eg må innrømme at eg på eit tidspunkt var litt usikker sjølv også.

Men tanken min er at det ikkje treng koste all verdens å skape langvarige minner for dei minste. Ein tur i skogen, på fjellet, eller i båten kan vere nok til å sette spor som varer gjennom eit heilt liv.

Påske treng ikkje vere dyre helger i skitrekk og kostbare hytter.

Ta ein tur ut i nærområdet. Finn ein «leirplass» og nyt dagen. La ungane utforske, klatre i tre eller på bergnabbar. Kanskje dei gjer det same med sine ungar om ein del år. Det er minner som er verd å bringe vidare.

Påskeeggjakt er jo også noko som er enkelt, men veldig spanande for ungane. Fyll eit påskeegg med litt godteri. Gøym det i hagen, og la ungane leite. Hos meg vart det gitt eitt påskeegg til kvar av dei unge håpefulle. Det skal ikkje meir til. Det er minner dei vil ta med seg vidare i livet. Og forhåpentlegvis vil dei gjere det same med sine ungar i framtida.

Det viktigaste av alt når ein er heime med ungane i påsken er at me vaksne lar barnet i oss komme fram. Bli med på utforsking og «ekspedisjonar». La ungane ta styringa og slepp laus dei gode minnene frå barndomen.

GOD PÅSKE!

Torstein M. Sønstabø
Redaktør
Vestnesavisa