Vestnesavisa
3 minutter lesetid

Arbeidet er godt i gang

Dugnadsgjengen i regi av Tresfjord kulturveg, er i full gang med å legge til rette for ein tursti mellom kyrkja i Tresfjord og Fagervikane camping. Dei er til no åtte personar som har lagt to ryddedagar bak seg. Det er langt fram før denne strekninga blir gangbar, sjølv om noko allereie har tatt form.

Det ryddast med hjelp av traktor, motorsag og ryddesaks. Etterkvart må dei ha anna maskinell hjelp på dei mest utfordrande strekningane. Humøret er på topp og latteren ligg laust. Det foreløpige målet er at den planlagte strekninga skal vere muleg å gå i løpet av sommaren.

Saka held fram etter annonsen

Risikosport å gå langs fylkesvegen

Bakgrunnen for denne godt planlagte dugnaden, er grunna i trafikksikkerheit. Stien dei har begynt på, ligg mellom fylkesvegen og fjøresteinane. Alle ser eit stort behov for denne stien, som både gåande, syklande og dei med barnevogn kan bruke. Bruk av fylkesvegen som no, er reine risikosporten.

No blir det tursti, seier systrene Torun Sylte Solberg (65) og Marit Sylte (71). (Foto: Tormod Lien)

Det er ikkje berre dugnadsgjengen som er fortvilt over slik situasjonen er i dag. På strekninga mellom Vike og Tresfjord der det er gang- og sykkelveg, er fartsgrensa 60 km. Mellom Fagervikane og Tresfjord der det ikkje er gang- og sykkelveg, er fartsgrensa auka til 80 km. Dei Vestnesavisa har snakka med har ikkje heilt forstått logikken. Det er Statens vegvesen som bestemmer fartsgrensa. Klage har vore nyttelaust. No vil dugnadsgjengen få dei mjuke trafikantane vekk frå fylkesvegen.

Saka held fram etter annonsen

Vil søke tippemidlar

Dugnadsgjengen ved Fagervikane er ved godt mot. Dei har stor tru på prosjektet sitt, og håpar på meir hjelp etterkvart. Dei møtast onsdag og laurdag, der dei arbeider omlag fire timar med innlagt matpause. Det er stort sett pensjonistar som held koken, der helse, miljø og sikkerheit er i varetatt.

På den smale stien kjem Martin Lindset såvidt fram med traktor, der dei har allereie fått rydda den såpass brei.

Dei ser at dette fort kan bli ein stor utgiftspost, så dei er klar for å søke om økonomisk hjelp frå både tippemidlar og gjerne andre som kan vere villig til å hjelpe.

Børge Sylte stoppar motorsaga laurdag kl.15, og annonserer at no er det helg. Systrene Sylte er ikkje tung og be, dei legg frå seg ryddesaksene og dagens dugnadsgjeng ruslar på stien heimover.