Ein heidersmann har gått bort
Jon Ragnar Halkjelsvik (f.1951) gjekk bort natt til tysdag 26. mai. Med det er ein mann av mange talent borte.
Jon Ragnar sette spor etter seg i det meste han var med på. Han vaks opp som den mellomste av tre brør på Hellandhaugen.
Sportsinteressa var stor frå barnsbein av. Og i mange år var han fast inventar på og ved fotballbanen. Dei siste åra som sportsjournalist i Vestnesavisa. Kor mange kampar han har dekka for avisa er det ikkje råd å vite. Men det er nok snakk om mange hundre.
Han starta Vestnesavisa saman med Anders Vik i 1986. Dei første tre åra var det gratisavis før dei tok steget over til abonnementsavis i 1989.
Det var lange dagar og mykje arbeid. Men Halkjelsvik stod på. Dette skulle lukkast.
Samstundes som det var avisproduksjon dreiv han også Reklamehuset, og sørga for reklameplakatar, vindaugsfolie og mykje anna for kundane i og rundt Vestnes. Den dag i dag heng det spor etter han på fleire butikkvindauge her i kommunen.
Eg vart kjent med Jon Ragnar då eg byrja i Vestnesavisa i april 2011. Han var ein rettferdig mann med sterke meiningar. Men han var alltid open for å diskusjon om det var usemje om noko.
Tida med Jon som sjef i Vestnesavisa var prega av høge forventingar, og tydelege, men rettferdige tilbakemeldingar og stødig leiing. Dette var nok noko av nøkkelen til at det fungerte så godt.
Då 2018 nærma seg ferdig bestemte han seg for å pensjonere seg. Den første tida i redaksjonen utan Jon si stødige leiing var prega av litt kaos, småpanikk og usikkerheit. Men sjølv om han var pensjonist kom han innom og gav råd og tips til oss som var att. Gode råd. Råd som var med på å løfte Vestnesavisa vidare framover. Ein skal ikkje kimse av den kunnskapen og kompetansen Jon Ragnar hadde innan avisdrift. Det var noko han kunne ut i fingerspissane.
Den siste tida til Jon Ragnar var prega av sjukdom. Men han møtte det med mot og godt humør. Livet skulle levast til fulle kvar dag, så langt det lot seg gjere.
Jon Ragnar etterlet seg kone, dotter, svigerson, stedotter og fire barnebarn.
Me lyser fred over Jon Ragnar sitt minne.



