Frå Kyrksæterøra til Vestnes for å hjelpe med kunstig intelligens
Ørjan Valstrand har starta eit lite eventyr med kunstig intelligens. Han hjelper lokale bedrifter med å ta i bruk kunstig intelligens for å redusere kostnadar og auke produktiviteten.
Etter endt studietid i Trondheim og Oslo, jobba Valstrand i BDO i Trondheim. Men han sakna fjellturar og friluftsliv.
– Det vart litt langt å køyre til Oppdal for å gå topptur, seier Valstrand.
Dermed gjorde han ein avtale med arbeidsgjevar om å ta med seg jobben til Åndalsnes i eitt år.
Der traff han ei jente som i dag er kjærasten hans. Dei har eitt barn saman, og begge er itneressert i friluftsliv.
Til Vestnes
Etter ein periode i Molde, kom dei over eit hus i Vestnesbukta som frista.
– Det er veldig fint her, med kort veg til fjell og turterreng, seier han.
Dermed flytta den vesle familien til Vestnes. Det vart starten på KI-eventyret. Ein dag i veka jobbar han på Brunvoll i Molde. Dei fire andre dagane set han på Coworken til Vestnes Næringsforum og jobbar med kunstig intelligens.
– Coworken er ein veldig fin moglegheit for dei som ønskjer å drive for seg sjølv, seier Valstrand.
Frå forum til jobb
I BDO jobba Valstrand med datapakkar og kunstig intelligens. Han oppdaga raskt andre som jobba på same måte og fekk ideen om å starte eit selskap.
I samarbeid med Nordveggen oppretta han organisasjonen «AI-snakk». Der arrangerer han samlingar for folk med interesse for kunstig intelligens.
– Eg tok med forumet til Molde, og me fekk støttemidlar i fjor. Me har ein forumkveld i månaden, og det er mellom 30 og 40 som møter. Så langt har over 200 ulike personar vore med, seier Valstrand.
Fram til i fjor haust var KI-prosjektet noko han dreiv med ved sida av jobb. Så byrja det å kome henvendingar frå fleire bedrifter.
– Eg fekk mange henvendingar frå selskap som ønska hjelp til å lære korleis dei kan bruke kunstig intelligens. Det vart så mykje at eg kunne hoppe ut av fast jobb og satse på kunstig intelligens, seier han.
Det var starten på selskapet «Vektra». Namnet er knytt til vektorbruken i kunstig intelligens.
Tar ikkje over
Mange har eit elsk/hat-forhold til kunstig intelligens. Enten er ein i mot det, eller så likar ein det.
Valstrand trur ikkje kunstig intelligens vil ta over jobbane til folk. Men det er store gevinstar å hente i å straumlinjeforme prosessar og bruke kunstig intelligens til å gjere arbeid som datastyring og datasamling.
– Alt som kunstig intelligens gjer må kontrollerast av menneske. Men det er mange oppgåver som kunstig intelligens kan gjere. Gjerne monotone oppgåver som å leite fram informasjon, førebu anbodsdokument, finjustere oppskrifter og liknande. Då kan personar som tidlegare brukte mykje tid på dette, gjere andre oppgåver som gir meir inntening for selskapet, seier KI-guruen.
Han fortel at selskapet har spesialisert seg mot produksjonsbedrifter, og at bransjen ønsker å bruke mest mogleg tid på produksjon i staden for dokumentasjon.
– Kunstig intelligens er veldig effektivt til å lage dokumentasjon, seier Valstrand.
Vestnes-bedrifter i porteføljen
Det er ikkje berre store nasjonale og internasjonale selskap som tar i bruk kunstig intelligens. Valstrand fortel at han arbeider opp mot lokale bedrifter i Vestnes og Rauma. Men at han ønsker å satse nasjonalt etter kvart.
– Eg er i gang med fleire kundeprosjekt her i Vestnes og i Rauma. Målet er å gå nasjonalt og internasjonalt, men det er lokalt arbeid som gir mest i dag, seier han.
Mange bedriftsleiarar synest ifølgje Valstrand at det er kult at selskapet driv lokalt og at bedriftene ikkje må gå via dei store byane for å finne kompetanse på kunstig intelligens.
Per i dag består selskapet av Ørjan Valstrand åleine. Han har med seg Johnny Liabø som frilansar, og jobbar med å få inn ein frilansar til frå Åndalsnes.



