Vestnesavisa
5 minutter lesetid

Vestlandet treng ein E39 som blir bygd!

Du les no eit lesarinnlegg. Det uttrykkjer skribenten si meining

Eit sentralt tema under årets Arendalsveke var samferdsel og dei mange vegprosjekta som er knytta til E39 Kristiansand – Trondheim. Det var svært positivt at fylkesordførarane i Vestland, Møre og Romsdal og Rogaland 10.august, nettopp i Arendal, samla seg om ei felles erklæring for å få fart på utbygginga av Vestlandsvegen E39. Det er eit viktig signal. For E39 handlar ikkje berre om asfalt, tunnelar og fjordkryssingar. Det handlar om arbeidsplassar, verdiskaping, beredskap og moglegheita til å bu og drive verksemd i heile landsdelen. Ei særleg viktig vegstrekning i denne samanhengen er E39 mellom Ålesund og Molde – Møreaksen. Ei strekning kor politiske vedtak er fatta og som i hovudsak er ferdigregulert.

Saka held fram etter annonsen

Ein felles bu -og arbeidsmarknad    

Møre og Romsdal er ein av dei viktigaste eksportregionane i landet, med eit næringsliv som er tett knytt til resten av Vestlandet. Likevel er sambandet mellom dei to største bu- og arbeidsmarknadsregionane i fylket framleis avhengig av ferjer og ein vegstandard som ikkje står i forhold til regionen si betydning. Statens vegvesen omtalar sjølv E39 Ålesund–Molde som ei viktig transportåre som skal bind regionen tettare saman og bidra til ein felles bu- og arbeidsmarknad. Møreaksen er difor ikkje berre eit lokalt samferdsleprosjekt for Molde og Ålesund. Det er ein del av den større visjonen om ein samanhengande E39 langs Vestlandet.

Framtidsretta transportkorridor som prioritert prosjekt

Den planlagde løysinga inneber mellom anna ferjefri kryssing av Romsdalsfjorden, med undersjøisk tunnel frå Vik i Vestnes til Otrøya og hengebru vidare til Julbøen. Denne planlagte løysinga betyr og realisering av Kjerringsundet og dermed fastlandssamband for Aukra kommune. Når heile strekninga mellom Ålesund og Molde er bygd ut, er målet ein vesentleg reduksjon i reisetid og ein meir robust og framtidsretta transportkorridor. E39 Ålesund–Molde ligg i noverande NTP i  Statens vegvesen si utviklingsportefølje.

Jobben vår no er at vi i samband med rullering av NTP får løfta dette viktige prosjektet inn som eit prioritert prosjekt.

Trinnvis utbygging kan gje raskare framdrift?

Det er svært positivt at det no skjer noko i denne saka. I juni 2026 fekk Statens vegvesen i oppdrag å utgreie ei anna gjennomføringsrekkjefølgje for E39 Ålesund–Molde. Det skal mellom anna vurderast om delar av strekninga kan byggjast ut først, og om ei trinnvis utbygging kan gi raskare framdrift. Utgreiinga skal etter planen gi grunnlag for ei ny vurdering i Nasjonal transportplan 2029–2040.Dersom prosjekta må byggjast trinnvis, må vi få ein forpliktande plan for korleis det skal skje. Erklæringa frå fylkesordførarane vil derfor i denne samanheng bety at Vestlandet ikkje lenger skal akseptere at viktige delar av E39 blir skyvde framover frå planperiode til planperiode.

Tenke nytt rundt finansieringsmodellar?  

Vi må og våge å tenkje nytt om finansiering og gjennomføring. Dersom alternative modellar kan gjere det mogleg å byggje raskare, må dei vurderast seriøst. Under Arendalsveka vart melom anna den danske finansieringsmodellen for finansiering av store vegprosjekt presentert ved selskapet Sund & Bælt. Ein modell som mellom anna gir 40 år tilbakebetalingstid på lån og ikkje berre 15 slik som i Norge.

Tydeleg mål – Vestlandsvegen skal realiserast 

Det viktigaste er at vi har eit tydeleg mål: Heile Vestlandsvegen skal realiserast. Langs E39 finn vi nokre av dei viktigaste eksportnæringane i Noreg. Her blir det skapt verdiar innan sjømat, maritim industri, energi, teknologi og reiseliv. Desse næringane konkurrerer ikkje berre med nabofylket. Dei konkurrerer internasjonalt. Då kan vi heller ikkje ha ein infrastrukturpolitikk som stoppar ved fylkesgrensene. Dette bør difor ikkje vere ein kamp mellom Rogaland, Vestland og Møre og Romsdal. Tvert imot. Dette er ei felles sak for heile Vestlandet – og for Noreg.

Saka held fram etter annonsen

E39 bidreg til fastlandssamband til Aukra og sikrar auka beredskap på Nyhamna.

Ein betre E39 vil gjere det enklare å pendle, frakte varer, drive næringsverksemd og samarbeide på tvers av regionane. Han vil òg styrkje beredskapen i ein landsdel som har fått stadig større betydning for Noreg. Fastlandssamband for Aukra kommune vil ikkje minst bety mykje for beredskapen på eit av Nord Europas støre industrianlegg, Nyhamna.

E39 ei investering i meir enn vegar!

Møreaksen må sjåast som ein del av heilskapen. E39 mellom Ålesund og Molde må ikkje bli ståande som eit prosjekt på vent medan vi diskuterer neste NTP. Vi treng ein konkret plan for korleis strekninga skal realiserast – og vi treng ein plan som faktisk forpliktar. E39 er ei investering i meir enn vegar. Det er ei investering i verdiskaping, arbeidsplassar, tryggleik og framtidstru. Vestlandet har lenge vore ein motor i norsk økonomi. No må infrastrukturen få høve til å halde tritt med motoren. Når fylkesordførarane no står samla, bør regjeringa og Stortinget lytte.

Vi treng ikkje fleire forsikringar om at E39 er viktig. Vi treng ein forpliktande plan, finansiering og byggjestart. Vestlandet og Møre og Romsdal har venta lenge nok!

Helge Kjøll jr. Ordførar i Aukra kommune.