Kong Harald V er død
Kong Harald V gjekk bort i dag klokka 06:35. Det melder Kongehuset. Kongen sovna inne på Rikshospitalet etter ei tid sjukdom.
Kong Harald V var fødd 21. februar 1937 og tok over trona etter far sin, Kong Olav V 17. januar 1991. Han var då den første norske kongen som var fødd i Norge på 567 år.
Kong Harald V sovna inn på Rikshospitalet med sin næraste familie rundt seg. Med det kom litt over 35 år som konge til ein slutt.
Kronprins Haakon Magnus overtar no som konge etter far sin. Han får namnet Kong Haakon VIII. Mette Marit er Noregs nye dronning.

Dronning Sonja vil behalde dronningtittelen, men er ikkje lenger ein del av det aktive kongeparet.
Klokka 12 i dag vil kyrkjeklokker over heile landet ringe i ein time for å markere Kongen sin bortgang.
Det vert flagga på halv stand ved Det kongelege slott, offentlege bygg over heile landet.
Regjeringa møter Norges nye konge, Kong Haakon VIII i ekstraordinær statsråd fredag.
Statsminister Jonas Gahr Støre seier at ein heil nasjon er i sorg.
– Ein heil nasjon sørger og står samstundes att i sterk takksemd for eit langt liv via til Norge, seier Støre.
Då Kong Harald V gjekk bort var han den eldste regjerande monarken i Europa.


