Han var ein folkets konge
Kong Harald V er død. Ein konge for heile folket. Han fekk tilnamnet «Heile Norges bestefar». Noko han så til gagns var.
Med sitt lune varme vesen, raske replikk (kven kan gløyme då han kalla Dronninga for eit troll i tv-intervju?), humoristiske sans og hans tankemåte rundt inkludering og nestekjærleik var Kong Harald ein konge som fekk djupt innpass i norske hjarte.
Eg var seks år gamal då Kong Olav døydde i 1991. Eg hugsar tv-bileta av gravfølget. Eg minnast at eg ikkje forstod så mykje, men eg skjønte at dette var stort og viktig. Som seksåring hadde eg klump i magen sjølv om eg ikkje heilt hadde forstått omfanget av det som hadde skjedd.
Den same klumpen i magen har eg no. Ei kjensle av sorg og vemod. Samstundes ei kjensle av glede. Glede over at Norge i over 35 år har hatt ein så flott konge som Harald V var.
Som konge hadde han stor respekt for alle. Og han var samlande då det storma som verst i eller rundt Norge. I krise og fest var han ei stødig klippe som me kunne sjå opp til.
Sjølv dei som har vore, og er kritiske til monarki som styreform har måtta innrømme at kongen vår i grunn var ein triveleg, jovial og dyktig person.
Akkurat den lune og varme væremåten til Kong Harald har gjort det vanskeleg for mange republikanarar å argumentere for å avskaffe monarkiet i Norge.
– Det seiast at visdom kjem med alderen. Mi erfaring er at alderen ofte kan kome heilt åleine også, sa Kong Harald i sin tale til politikarane under stortingsmiddagen i 2008.
Med Kong Harald sin bortgang, har me ikkje berre mista ein konge. Me har fått ein ny. Kong Haakon VIII. Kronprins Haakon Magnus. Han tok over som konge i det sekund Kong Harald sovna inn.
Eg har hatt gleda av å møte kronprinsen ved eit par høve. Mitt inntrykk av han, både gjennom det han har gjort, men også hans væremåte då me var i same rom, gjer at eg har stor tru på han som konge.
Han kjem nok til å vidareføre mange av faren sine synspunkt og meiningar. Han kjem til å vere samlande for Norge, og han kjem til å kunne representere Norge på ein veldig god måte. Dette trass i at det har vore ein del bruduljer rundt familien hans den siste tida.
Kongen er død. Lenge leve kongen!
Torstein M. Sønstabø
Redaktør
Vestnesavisa



