Vestnesavisa
1 minutt lesetid

Tre nye smittetilfelle i Vestnes

Obs! Artikkelen er mer enn ett år gammel.

Tre arbeidarar i innreisekarantene hos VARD på Trohaugen har testa positivt for Covid-19. Smitten vart oppdaga etter rutinetest under karantene.

Arbeidarane har vore i karantene sidan dei kom til Norge og er no i isolasjon. Nærkontaktar og dei som kom i same reisefølgje er i karantene og vil bli testa på nytt.

Saka held fram etter annonsen

Alle har hatt dokumentasjon på negativ test før avreise frå heimlandet, samt negativ test ved ankomst til Norge. Dei har ikkje vore i butikkar eller i kontakt med lokalbefolkinga i følgje ei pressemelding frå Vestnes kommune.

Trohaugen er godkjent som karantenehotell for tilreisande som har fått innreisegodkjenning gjennom den søknadsbaserte ordninga som blir administrert av Sjøfartsdirektoratet.