Jon-Birger Løvik frå Daugstad og makker Drago Stanić fiskar kreps som går til den store verdsmarknaden. – Me sel alt me vil til Asia, London, New York og Paris, men me synest det er kjekt at folk som bur her også skal få smake, smiler Jon-Birger. Intervjuet blir stadig avbrote av kundar, og den ivrige […]
vestnes
Desse får kulturmidlar i år
Kulturmidlane for 2020 er fordelt. Til saman vart litt over to millionar delt ut til ulike formål og lag eller organisasjonar. Denne summen inkluderer også fri husleige for kommunale bygg. Idrett Innan kategorien idrett fekk elleve mottakarar til saman 105 000 kroner. Song, musikk og scenekunst Innan song, musikk og scenekunst vart det delt ut […]
Arbeidsløysa går ned i Vestnes
Dei siste tala frå NAV syner at arbeidsløysa i Vestnes er dalande. Arbeidsløysa er per 12. mai 7,6 prosent. Det er ein nedgang på 17,3 prosent frå same tid i april. Det er no 259 personar som er utan arbeid i Vestnes, mot 313 i april. I februar var talet på arbeidsledige 79. Samstundes er […]
StikkUT-sesongen er i gang – 436 turmål ventar på besøk
StikkUT-sesongen starta i går. I år er det heile 436 turmål delt på 24 kommunar. Nytt i år er at Sykkylven og Vanylven er med med til saman 29 nye turmål. I fjor deltok om lag 10 prosent av innbyggjarane i Møre og Romsdal på StikkUT. Med litt over 23 000 registrerte deltakarar med over […]
Opnar for besøk på institusjonar
Vestnes kommune opnar for besøk frå pårørande på institusjonar. Besøksløyvet er vêravhengig. Institusjonane i Vestnes har vore stengt for besøk sidan 12. mars. No opnar kriseleiinga for at det kan gjennomførast besøk ved institusjonane i kommunen. Besøka skal avgrensast til 15 minutt og er vêravhengig då dei må gjerast utandørs. Kapasiteten på den gjeldande avdelinga […]
– Det har vore rart å halde stengt
Barnehagane har vore stengt sidan 12. mars. På ein augneblink stoppa store delar av samfunnet opp. Foreldre måtte vere heime med ungane, og mange måtte også trø til som lærar på heimebane. Tysdag morgon opna dei private barnehagane i Vestnes dørene att. Styrar i Vike montessoribarnehage, Tanja Lauridsen, synest det har vore rart å halde […]
– No er det viktig å støtte kvarandre og handle lokalt
Det er i krisetider ein skal stå saman. Styreleiar i Vestnes Næringsforum, Eva Langstein og ordførar Geir Inge Lien meiner det er svært viktig at både bedrifter og privatpersonar tenker lokalt ved handel no. Næringslivet opplever den største krisa på svært lenge. Handel stoppar opp, byggeaktiviteten går ned og inntektene krympar. Ordføraren fryktar det vil […]
Alle som har vore utføre Møre og Romsdal vert sett i karantene
Alle som kjem reisande til Vestnes frå Sør-Norge vert no sett automatisk i karantene. Det har kommuneoverlegen i Vestnes bestemt i dag. Vedtaket gjeld alle reisande frå Oslo, Agder, Rogaland, Viken, Vestfold og Telemark, Vestland og Innlandet sør for Dovre. Vedtaket gjeld frå måndag 16. mars og har tilbakevirkande kraft til 10. mars. Områda vedtaket […]
Håpar på gründerverksemder på Hagneset
I februar kjøpte Frode Gjelstenli bygget som Espe Industri eigde. I dei gamle lokala der Espe produserte kjøkken håpar Gjelstenli no at det kan vere grobotn for fleire nye verksemder. – Målet er å skape rom for fleire verksemder i Vestnes. Kanskje det er nokon som har lysst å starte for seg sjølv, men som […]
Ørskogfjellet-Vik: Folket er kritisk til veg i dagen
Ein fullsett Idahall var klar til å få informasjon frå Statens vegvesen om vegprosjektet Ørskogfjellet-Vik måndag kveld. På slutten av møtet var det heilt klart at folk er kritiske til eit alternativ med veg i dagen gjennom Tomrefjord. Dette er eit folkemøte. Statens vegvesen må lytte når folk et skeptiske til A-alternativet med veg i […]