Gratulerer med dagen! Om det er lov å seie
17. mai. Nasjonaldagen! Norges moderne fødselsdag. Det er barnas dag. Det skal feirast med norske flagg, enorme mengder is, og mykje latter og gøy. Helst i bunad dersom vêret tillet det utan fare for heteslag og blålysassistanse.
I Vestnes er det mange ulike tradisjonar for nasjonaldagsfeiringa. Alt etter kva bygd ein er i, og kor ein finn på å tilbringe dagen.
For min del er 17. mai synonymt med kos, nasjonalromantiske kjensler og ein god prat med andre i bygda. Etter å ha gått i tog naturlegvis. Om ungane spør om pengar til is, så er det ikkje lov å seie nei. Spørsmålet er jo om kiosken tar pengar eller om det berre er VIPPS-betaling som gjeld. Men det er eit heilt anna tema.
Det viktigaste med dagen er at ungane kosar seg. Det er konkurransar på idrettsplassen, eller der ein måtte feire, og det er eit yrande folkeliv.
Men eg har merka meg dei siste åra at oppmøtet på nasjonaldagsfeiringa har gått litt ned. Eg kan ikkje talfeste det, men eg synest å minnast at det var mange fleire på feiringa før.
Har me byrja å miste kjensla av å vere ein samla nasjon som skal feire saman? Eller er det berre eg som innbiller meg ting? Uansett, det er dagen då flest mogleg må kome seg ut. Med norske flagg i handa, finpynta og klare til å synge «Ja vi elsker» med den songstemma ein har.
Om ein ser på den geopolitiske situasjonen den siste tida, så er det mykje som er i omvelting. Me ser krig nærare heime enn nokon gong før. Me har oljekrisar, ein enorm prisvekst, og me har renter som ingen har sett sidan tidleg på 1990-talet.
Verda er i endring. Og her på berget set me og «føl nøye med». Tilsynelatande utan at det vert gjort så mykje for å endre det. Det kan godt hende at det vert gjort ein del, men det er ikkje synleg, og det har ikkje ein synleg effekt i kvardagen til folk.
Men på nasjonaldagen må me legge slike bekymringar til side. Me skal feire at Norge i si tid, nærare bestemt, 17. mai 1814 fekk ein eigen grunnlov. Ein grunnlov me kan vere stolte av. Som beskyttar noko av det viktigaste for folk. Ytringsfridomen.
Ein fridom me i redaksjonsstyrte medium jobbar med kvar dag. Ein fridom som er sjølve grunnsteinen i eit demokrati. Utan den fridomen hadde det vore vanskeleg å få til endring, nye idear og å presse gjennom nye måtar å gjere ting på.
Men me må ikkje misbruke ytringsfridomen. For det at ein kan seie det ein vil, vil ikkje seie at det er utan konsekvensar. Ytringsfridomen går ut på at ein kan ytre sine meiningar, og sine synspunkt fritt. Men dersom dei bryt med andre lovar kan ein verte straffa for det. Til dømes om ein oppfordrar til vald.
Ytringsfridomen må ikkje misbrukast og tonast ned. Den må løftast fram som det den er. Ein fridom til å vere kritisk til styresmakter, ytre sine meiningar om korleis ting burde vore gjort, og kva ein vil gjere for å kome dit. Utan at ein tar føre seg rase, trugslar om diverse, oppfordringar til lovbrot, og å henge ut enkeltpersonar.
Dei siste tre har Vestnesavisa sjølv opplevd å få publisert i kommentarfeltet på saker. Det er kommentarar me har sletta så raskt som mogleg. I nokre tilfelle har me måtta stenge kommentarfeltet.
Det er i desse tilfella snakk om vaksne folk som har gått langt over streken bak tastaturet. Det er lett å vere tøff når ingen kan sjå deg.
Når eg les kommentarfelt på ein del andre mediesaker, så lurar eg av og til på om det i det heile er vits i å feire nasjonaldagen og grunnloven vår. For folk misbruker delar av den så til dei grader at det nesten ikkje er råd å setje ord på. Det er utsagn om at ungdomspolitikarar bør avrettast. At dei burde vore valdtekne og sendt i ein form for gulag. Meiningsytringar som minnar mest om dei mørkaste skuggane av historien. Skuggar me helst berre vil lese om i historiebøkene.
Eg seier ikkje at me skal godta alt. Tvert i mot. Me skal vere kritiske. Me skal lufte våre meiningar og jobbe for å få ei endring i det me er usamde i. Men me skal ikkje ty til dritslenging og trugslar om å ta livet av meiningsmotstandarane våre. Då har demokratiet tapt.
Eg for min del har ein høveleg enkel regel når eg diskuterer noko med andre. I det motparten går til personangrep mot meg, så reiser eg meg, seier «takk for debatten. Eg vann». For argumenta til motparten heldt ikkje mål, og det vart då tydd til angrep på meg som person. Det er ikkje interessant for saken korleis eg er. Det er meininga mi motparten skal prøve å motbevise, eller på anna måte overty meg til å endre meining.
Med dette ønsker eg alle ein god 17. mai. Gratulerer med dagen! Om det er lov å seie.
Torstein M. Sønstabø
Redaktør
Vestnesavisa



