Jenter 10-laget til Vestnes Varfjell IL (VVIL) tok måndag i mot Batnfjord IL. Vertane varta opp med intenst spel, og til pause leia dei med fire mål. VVIL-jentene var godt organiserte og gjekk laus med stor intensitet. Dette gav fort resultat. Fire null, god som gull Før pause måtte målvakta frå Batnfjorden hente ballen fire […]
Barn og ungdom
G10: VVIL vs MFK
På torsdag tok G10-laget til Vestnes Varfjell IL (VVIL) i mot eit av laga til Molde Fotballklubb (MFK). Heimelaget tok styringa frå start, men så vakna gjestane. VVIL tok tak frå første spark og scora både ein og to gongar før gjestane fekk ballen i nota. Etter kvart vart det likevel klart at gutane frå […]
Ungdomar med stor gjevarglede
Det vart ein stor skuffelse for 10.klassingane ved Måndalen skule, då draumen om skuletur vart knust på grunn av koronaepidemien. Dei fem elevane frå Vågstranda fortel om tre år der dei på ulik vis har samla inn pengar til den planlagde turen til Island. Dei fortel om stor gjevarglede frå bygda, anten dei har selt […]
Ingfrid Klokset (14) tok bronse på 1500 meter
I helga var Ingfrid Klokset med på Lerøylekene i friidrett i Trondheim. Der sikra Vestnes-løparen seg bronse på 1500 meter og tok ein sterk fjerdeplass på 600 meter. Lerøylekene er ein kretscup mellom seks friidrettskretsar i Midt- og Nord Noreg. Laurdag var det 600 meter som stod på programmet for Ingfrid. Ho var raskast i […]
Akutt behov for trafikktryggingstiltak for ungdomsskuleelevane i Tresfjord
Elevar som spring rett framom bussen. Bilar som køyrer rett gjennom flokken av ungdommar. Framleis veit ikkje elevane kva for buss dei skal ta. – Det blir betre og betre dag for dag, seier undervisningsinspektør Gunvald Fauske ved Helland ungdomsskule i Tresfjord. For to veker sidan skreiv Vestnesavisa om busskaoset som har vore når ungdomsskuleelevane […]
Ny på skulen
Om lag førti elevar har skifta skule denne hausten som følge av at Vågstranda skule vart nedlagt og at Tresfjord oppvekstsenter no husar Helland ungdomsskule. Vestnesavisa har snakka med fire av elevane som har måtta skifta skule. Det har blitt september med haustvêr og regn når Vestnesavisa sin utsende besøker Helland skule for å høyre […]
Endeleg leir igjen
På grunn av smitteverntiltaka mot korona vart det ikkje ungdomsleir på Vestheim i sommar, men dei kreative leiarane let seg ikkje stoppa. Så i august var det klart for ei helg med tøffe utfordringar, fellesskap og smitteverntiltak. Laurdag fekk ungdommane velje to aktivitetar, der sti-sykling, frisbeegolf, kajakk, tubekøyring, kakebaking og paintball stod på programmet. På […]
Oscar Rekdal Misfjord klar for MFK og Molde Nasjonal
Oscar Rekdal Misfjord (14) har spelt fotball for Vestnes Varfjell IL sidan han var ein liten gut, men no blir det fleire turar i veka til Molde for å spele på nasjonalt nivå for det unge fotballtalentet. Oscar starta på Akerakademiet i 2018 og kom med i ei spelarutviklingsgruppe i starten av 2019. Sidan årsskiftet […]
Nytt dekke på kunstgrasbana i Tomrefjord
Før vinteren kjem skal 7-er bana utanfor Tomrefjord idrettsbygg få nytt dekke. I tillegg skal det gjerast ein del tiltak for å redusere mengda med gummigranulat som forsvinn. Ein skade har framskunda utskiftinga av det 12 år gamle dekket. Noverande dekke skal snart ta turen til Danmark for gjenvinning, medan PST Sportanlegg skal legge nytt. […]
Busskaos
Elevar som kjem for seint til skulen kvar dag. Venting i opptil ei time på å få kome heim. Usikkerheit om kva for buss ein skal ta. Dette er stikkord frå den første skuleveka. – Dette har vore ei veldig utfordrande oppgåve for oss med nedlegging av to barneskular og flytting av ein ungdomsskule med […]