Sara Vik var best av alle i bom, og stakk av med sølvmedaljen i mangekamp. I helga arrangerte Molde turnforening «Regionsfinalen 2020», eit regionsstemne for gymnastar frå Trøndelag og Møre og Romsdal. Frå Tomrefjord idrettslag (TIL) stilte Sara Vik og Hili-Bjørg Scharf, og begge presterte godt. Sølv i mangekamp Laurdag var det mangekamp der utøvarane […]
Sport
Hærverk med bil på nylagt kunstgrasbane
I løpet av helga har det vore uvedkommande inne på kunstgrasbana i Tomrefjord. Det enda med at det nye banedekket vart utsett for hærverk. – Det stemmer at me hadde eit tilfelle av hærverk på kunstgrasbana i Tomrefjord i helga. Men eg veit ikkje detaljane, seier Geir Hole i eigedomsdrift i Vestnes kommune til Vestnesavisa. […]
Solide prestasjonar i NM
Under Noregsmeisterskapen i turn for juniorar i helga sikra Sara Vik frå Tomrefjord IL ein flott 15. plass. Etter eit år utan konkurranse var det ekstra spanande å vere med i NM, og Sara fullførte med stil. Laurdag kunne endeleg Sara få konkurrere i turn igjen, og ho hadde tatt den lange vegen til Tromsø […]
Rema 1000 vert hovudsponsor i tre nye år
Rema 1000 vert ein av tre hovudsponsorar for Vestnes Varfjell Idrettslag for tre nye år. Avtalen frå 2017 vart forlenga på fredag og gir VVIL gode inntekter til drifta av idrettslaget. – Sponsormidlane frå Rema 1000 kjem veldig godt med til drifta av idrettslaget, seier dagleg leiar i VVIL, Ronald Brastad. Han fortel at VVIL […]
G11: Revansj
Onsdag tok gutar11-laget til Tomrefjord / Fiksdal / Rekdal idrettslag (TIL/FIKS/REK) i mot Åndalsnes idrettsforening (ÅIF) til kamp på Fiksdal kunstgrasbane. Det enda med ein herleg revansj. Sist laga møttest var det ÅIF som var best, men denne kvelden var det annleis. Heimelaget scora først, før gjestane utlikna til 1 – 1. Men fleire mål […]
– Den beste kampen hittil
Gutar 12 år i Fiksdal/Rekdal/Tomrefjord Idrettslag skapte ein svært nervepirrande fotballkamp mot Træff frå Molde torsdag.– Dette var den beste kampen dei har spelt hittil i år, sa trenar Dag Nakken etter kampen. Det enda uavgjort med stillinga 13-13 på Fiksdal kunstgrasbane, men fleire gonger undervegs såg det ut til at heimelaget gjekk eit solid […]
J15: VVIL køyrde over Skåla
Jenter15-laget til Vestnes Varfjell IL (VVIL) viste ingen nåde da dei førre torsdag hadde besøk frå Skåla. Heile 15 nettkjenningar vart på det på blåtrøyene denne kvelden i Vestnes idrettspark. Etter berre eitt minutts spel viste Elina Pedersen Hjelvik veg og sende heimelaget i leiinga, 1 – 0. Minuttet seinare kontra dei blåkledde jentene igjen, […]
J13: Thriller-kamp
Førre torsdag tok jenter13-laget til Vestnes Varfjell IL (VVIL) i mot Eide og Omegn IL, og det vart ekstremt spanande. VVIL opna bra med solid forsvarsarbeid, og eit tidleg skot i stolpen vitna om kva som skulle kome. Etter vel ti minutts spel fekk heimelaget eit frispark like utom straffefeltet. Denne vart sett rett i […]
J12: VVIL valsa over Hjelset/Kleive
Jenter 12-laget til Vestnes Varfjell IL (VVIL) har spelt solid i heile år, og tysdag varta dei opp med nok ein maktdemonstrasjon. Dei senka Hjelset/Kleive Fotball 9 – 0. Gjestane hang godt med frå start, og det tok nesten eit kvarter før det første målet kom. Det var Fride Hoem på VVIL som ekspederte straffesparket […]
G12: VVIL vs Gossen
På måndag møtte Vestnes Varjell IL (VVIL) sine 12 år gamle gutar sine overmenn da dei hadde besøk frå Gossen. Det var likevel mykje å glede seg over. Det var ein fartsfylt kamp, der gjestane var først til å få ballen i mål. Gutane frå Gossen IL var ballsikre og dyktige til å spele ball. […]